Rugder
| Rugder | ||
|
|
||
| Systematikk | ||
| Rike: | Animalia | |
| Rekkje: | Chordata | |
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Charadriiformes | |
| Familie: | Scolopacidae | |
| Slekt: | Scolopax | |
| Artar | ||
|
||
| Vitskapleg namn | ||
| Scolopax | ||
Rugder er ei gruppe på sju svært like nolevande artar av vadefuglar i slekta Scolopax. Berre to rugder har vid utbreiing på den nordlege halvkula, dei andre er lokale øyendemiske artar i Søraust-Asia, nord og sør for ekvator. Dei næraste slektningane deira er sniper i slekta Gallinago.[1]
Rugder har tettvaksne kroppar, kryptiske brun og gråsvart fjørdrakt og lange slanke nebb. Auga deira er plassert på sidene av hovudet, noko som gjev dei synsfelt på 360 °.[2] Spesielt for rugder, og i motsetnad til dei fleste andre fuglar, er at spissen på overkjeven av nebbet er bøyeleg.[3]
Rugder er typiske skogsfuglar. Dei beitar om natta eller om kvelden etter virvellause dyr i mjuk mark med dei lange nebba sine. Denne vanen og den kamuflasjefarga fjørdrakta gjer det vanskeleg å oppdage dei når dei kviler på dagtid. Dei fleste har karakteristiske spelflukt kjent som rugdetrekk, vanlegvis gjeve ved daggry eller i skumringa.[4]
Alle rugder er populære jaktfuglar; øyendemiske artar er ofte ganske sjeldne allereie pga. høgt jaktpress. Rugdefjører er mykje verdsette som penselbustar av kunstnarar, som brukar dei til fint måleriarbeid.[5] Det er dekkfjører over hovudhandsvingfjøra på vengen som brukast.
Artslista [endre]
Rugder i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.5 frå desember 2010 [6] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler. [7]
- Rugde, Scolopax rusticola (Vid eurasisk utbreiing)
- Amamirugde, Scolopax mira (Endemisk til øyar i Japan)
- Bukidnonrugde, Scolopax bukidnonensis (Endemisk til øyar i Filippinene)
- Jungelrugde, Scolopax saturata (Endemisk til øyar i Indonesia og Papua Ny-Guinea)
- Sulawesirugde, Scolopax celebensis (Endemisk til øya Sulawesi i Indonesia)
- Molukkrugde, Scolopax rochussenii (Endemisk til øyar i Indonesia)
- Amerikarugde, Scolopax minor (Hekkar i Nord-Amerika, overvintrar ved kysten i Mexicogolfen)
Kjelder [endre]
- Første versjon av denne artikkelen byggjer på «Woodcock» frå Wikipedia på engelsk, den 21. juni 2011', følgjande referansar var gjevne:'
-
- Hayman, Peter; Marchant, John & Prater, Tony (1986): Shorebirds: an identification guide to the waders of the world. Houghton Mifflin, Boston. ISBN 0-395-60237-8
- Kennedy, Robert S.; Fisher, Timothy H.; Harrap, Simon C.B.; Diesmos, Arvin C: & Manamtam, Arturo S. (2001): A new species of woodcock from the Philippines and a re-evaluation of other Asian/Papuasian woodcock. Forktail 17(1): 1-12. PDF fulltext
- McKelvie, Colin Laurie (1993): Woodcock and Snipe: Conservation and Sport. Swan Hill.
- Mousley, H. (1934): The earliest (1805) unpublished drawings of the flexibility of the upper mandible of the woodcock's bill. Auk 51(3): 297-301. DjVu fulltext PDF fulltext
- Thomas, Gavin H.; Wills, Matthew A. & Székely, Tamás (2004): A supertree approach to shorebird phylogeny. BMC Evol. Biol. 4: 28. doi:10.1186/1471-2148-4-28 PDF fulltext Supplementary Material
- ↑ Hayman et al. (1986), Thomas et al. (2004)
- ↑ http://www.britannica.com/EBchecked/topic/647536/woodcock
- ↑ Mousley (1934), Hayman et al. (1986), McKelvie (1993)
- ↑ Hayman et al. (1986), McKelvie (1993), Kennedy et al. (2001)
- ↑ Dowden, Joe Francis (2007). The Landscape Painter's Essential Handbook. Newton Abbot, UK: David & Charles. s. 7. ISBN 0715325019.
- ↑ Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (20. desember 2010) (Excel spreadsheet), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.5, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/Clements%206.5.xls/view, henta 2. januar 2011
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)
Bakgrunnsstoff [endre]
- Videoar av snipene hos the Internet Bird Collection