Ruhi Sarıalp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ruhi Sarıalp
Statsborgarskap Tyrkia
Fødd 15. desember 1924
Manisa
Død

3. mars 2001 (76 år)
İzmir

Yrke friidrettsutøvar, militær
Språk tyrkisk

Ruhi Sarıalp (15. desember 19243. mars 2001) var ein tyrkisk friidrettsutøvar frå Manisa. Han var den fyrste tyrkisk friidrettsutøvaren som vann ein olympisk medalje og den fyrste som tok ein EM-medalje.

Sarıalp byrja med friidrett ved ein militær høgskule i Konya. I 1945 sette han sin fyrste tyrkisk rekord i tresteghopp. Under Sommar-OL 1948 i London kom på tredjeplass i tresteg-tevlinga med eit hopp på 15,02 metter, svenske Arne Åhman vann med 15,40 m framom australske George Avery, 15,36 m.

To år seinare vann Sarıalp ein ny bronsemedalje i tresteghopp. Med 14,53 meter viste han norske Rune Nilsen til fjerdeplassen under EM i friidrett 1950 i Brussel, med ein margin på tre centimeter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]