Ruhollah Khomeini

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ruhollah Khomeini
احمد و خمینی.JPG
Ayatolla i Iran
Regjeringstid 1979-1989
Fødd 24. september 1902 i Khomein i Flag of Iran.svg Iran
Død 3. juni 1989 (86 år) i Teheran

Sajjed Ruhollah Khomeini (24. september 19023. juni 1989), kjend som imam Khomeini i Iran og verdskjend som ayatolla Khomeini, var ein iransk geistleg og øvste leiaren i Iran frå den iranske revolusjonen i 1979 til han døydde i 1989.

Khomeini var den andelege leiaren for mange iranske sjiamuslimar, og stod også i politisk opposisjon til sjahen av Iran, Muhammed Reza Pahlavi. Han gjekk inn for avskaffing av monarkiet og innføringa av ein islamistisk stat. Etter at sjahen var blitt avsett kom Khomeini tilbake frå eksil og blei den første religiøse leiaren i den islamske republikken Iran.

I oktober dette året tok gisselkrisa i Iran til, der fleire titals diplomatar frå den amerikanske ambassaden blei haldne som gislar i 444 dagar. Ein månad seinare blei den nye teokratiske grunnlova til landet vedteken. Iran blei invadert av Irak under Saddam Hussein i september 1980, og krigen mellom Iran og Irak kom til å vara fram til august 1988. Dei dramatiske hendingane samla iranarar bak det nye prestestyret i Iran.

I 1989 framsa Khomeini ein fatwa med ein dødsdom mot forfattaren Salman Rushdie og alle som hadde hjelpt til med å utgje boka Sataniske vers for blasfemi mot profeten Mohammed. Utsegna sende sjokkbølgjer gjennom det internasjonale samfunnet, førte til drap på den japanske omsetjaren av boka og attentatforsøk mot to andre involverte, mellom dei den norske forleggjaren William Nygaard. Rushdie sjølv måtte leva i skjul i mange år.

Khomeini døydde at hjarteåtak i juni 1989, 86 år gammal. Store folkemassar kom ut på gatene i Iran for å sørgja. Rundt to millionar kom til gravferda hans. Khomeini blei gravlagd i eit eige mausoleum i Teheran.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ruhollah Khomeini
Spire Denne samfunnsartikkelen som har med islam og Iran å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.