Rumailafeltet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Rumaila er eit oljefelt sør i Irak. Noko av feltet går over grensa til Kuwait. Usemje knytt til rettane til feltet var ein av grunnane til Irak sin invasjon av Kuwait i 1990.

Etter at krigen mellom Iran og Irak frå 1980 til 1988 var over, skulda Irak Kuwait for juksing med kvotar for oljeproduksjon fastsett av OPEC. Kuwait vart skulda for å utvinna petroleum som retteleg høyrde til Irak. Irak invaderte Kuwait den 2. august 1990, og starta dermed krigen.

Då Irak måtte trekkja seg ut av Kuwait att, etter at styrkar frå særleg USA vart sett inn i krigen, sette irakarane fyr på mange oljefelt i Kuwait.