Rumpeldunk gjennom tidene

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Rumpeldunk gjennom tidene, (originaltittel: Quidditch Through the Ages), er ei bok som er skrive av den britiske forfatteren J.K. Rowling. Boka er eit supplement til Harry Potter-serien, og førestiller ei bok frå skulebibilioteket på Galtvort. Tilsynelatande er boka skrive av Kennilworthy Whisp, og ho har forord av Albus Humlesnurr, rektor ved Galtvort.

Inntektene frå salet av boka vart gjevne til Comic Relief, ein samfunnsgagnleg organisasjon. Boka kom ut i 2001, både i Storbritannia og i Noreg. Den norske omsetjinga er ved Torstein Bugge Høverstad. Boka er illustrert av forfattaren.

Boka handlar om den fiktive sporten rumpeldunk (quidditch), som spelar ei viktig rolle i Harry Potter-bøkene. Lesaren får eit innblikk i spelet si historie, korleis det fungerer og kva status det har i notida si trollmannsverd.