Rundabranden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Rundabranden er ein fjellformasjon på øya Runde i Herøy kommune på Sunnmøre.

Rundabranden røyser seg 294 meter rett opp frå havet, og utgjer det nesthøgste punktet der den ligg nordvest på Rundefjellet. Sett frå Holmefjorden, ser formasjonen ut som eit trappetrinn, eit motiv som har vorte eit lett gjenkjenneleg landemerke og symbol på kampen mot naturkreftene. I Herøysongen heiter det mellom anna: og Rundabranden stolt ur havet kneiser