Rundeskatten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Rundefunnet)
Delar av Rundeskatten er stilt ut på Runde Miljøsenter.
Foto: C. Hill, 2012

Rundeskatten eller Rundefunnet er den verdfulle lasta som det nederlandske frakteskipet Akerendam hadde med seg på sin jomfrutur i 1725 då skipet kom ut av kurs og forliste utanfor RundeSunnmøre ein stormfull natt i mars same år. Det var aktuar og historikar Ivar Myklebust frå Ørsta som tidleg i 1960-åra gjorde kjent opplysingar om forliset, då han fann arkivmateriale etter sjøforklaringa som vart halden på tinget i Ørsta (Ørstavik) i 1726.

Skatten blei oppdaga 6. juli 1972 av dei tre sportsdykkarane Bengt-Olof Gustafsson, Stefan Persson og Eystein Krohn-Dale. Funnet omfatta rundt 57 000 mynter, 6 624 av gull, resten av sølv. Året etter blei staden undersøkt av Bergens Sjøfartsmuseum. Rundt 135 kg myntar fordelt på over 400 ulike mynttyper blei funne, mellom anna nederlandske dukatar og dukatonar, skillmynttypane scelling og stuiver og søramerikanske realar. Femten av typane var ikkje kjende før. I tillegg til myntar blei det funne ei rekkje kanonar, navigasjonsutstyr, delar av lasta og bruksgjenstandar for mannskapet og frå byssa.

Etter at myntane var blitt oppførte på Myntkabinettet, blei skatten fordelt mellom finnarane (67,6 %), den norske staten (25,4 %) og den nederlandske staten (7 %). Finnarane sin del blei lagra i Norges Bank fram til 1978, då han blei seld på auksjon i Sveits. Myntane til den norske staten ligg hovudsakleg på Myntkabinettet, men nokre av dei er på andre museum, som Bergen Sjøfartsmuseum. Funnet frå Akerendam førte til ei lovendring som gjorde alle vrak eldre enn 100 år automatisk freda.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]