Rundkøyring

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Runkøyring på Nylandsveien i Oslo.

Ei rundkøyring er ein måte å organisera trafikk frå fleire vegbanar på. Ordninga går ut på at køyretøy går rundt ei sentralt plassert trafikkøy. Rundkøyringar har større trafikkapasitet og gjev ofte meir flyt i trafikken enn lyskryss. Dei er meir sjølvregulerande enn desse eller trafikkpoliti, og har færre alvorlege ulukker enn andre vegkryss. Rundkøyringar er blitt stadig meir populære sidan andre halvdel av 1900-talet, og finst i mange ulike utformingar.

Animasjon som viser trafikk i ei rundkøyring på veg med høgrekøyring.

Innhaldsliste

Skildring [endre]

Øya i rundkøyringa kan vera ein teikna runding på bakken, men er vanlegvis noko eller mykje bygd opp slik at ein ikkje kan køyra over. I store rundkøyringar kan øya vera så mykje oppbygd at ein ikkje kan sjå over. Rundkøyringar kan ha eitt eller fleire felt. Nokre stader finst det rundkøyringar som fører inn i og ut av særleg store rundkøyringar.

Skilting av ei norsk rundkøyring.

Trafikkreglar gjeld som vanleg i ei rundkøyring, men blir regulerte til einvegskøyrde forkøyrsvegar gjennom skilting. Køyretøy som skal inn i rundkøyringa har vikeplikt for køyretøy som allereie er inni henne. I rundkøyringar med fleire felt har køyretøyet som skiftar felt vikeplikt for andre. Det er påbode å gje signal (blinklys eller handsignal) når ein skal ut. Ein kan også markera kvar ein skal før ein køyrer inn i rundkøyringa om dette kan vera til hjelp for andre trafikantar.

Bilete [endre]

Kjelder [endre]

Sjå òg [endre]