Rundskolm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rundskolm


Status i Noreg: LC Livskraftig


Systematikk
Rike: Plantae
Klasse: Eudicotyledonae
Orden: Fabales
Familie: Fabaceae
Slekt: Anthyllis
Art: A. vulneraria
Vitskapleg namn
Anthyllis vulneraria

Rundskolm er ei plante i ertefamilien. Arten er utbreidd i Europa, Asia og Nord-Afrika. Stengel og blad er silkehåra. Planta har fingerforma støtteblad under hovudet og gule eller stundom raude blomstrar.

Rundskolm finst i mange former og fargevariantar. Han blømer kring juli på sand og turr kalkrik grunn. Planta er nokså vanleg både i låglandet og til fjells i Noreg. Funnen opp til 1350 m på Hardangervidda.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Svensk Wikipedia.
  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.