Rune Jarstein
Rune Almenning Jarstein (fødd 29. september 1984) er ein norsk fotballspelar som sidan 2010 er målvakt for Viking. I perioden 2007 til september 2012 har han spela 30 landskampar for Noreg.
Innhaldsliste |
Klubbspel [endre]
Jarstein debuterte for Skiens-klubben Herkules Idrettsforening på nivå fire i norsk fotball. Han gjekk over til naboklubben Odd i 2002, der han i løpet av 2005-sesongen etter kvart vart fyrsteval på målvaktsplassen. Dei tre sesongane 2007-09 stod han i mål for toppklubben Rosenborg BK. Etter ujamne prestasjonar vart han overført til Viking, der han har spela sidan 2010.
Landslagsspel [endre]
Jarstein fekk sin debut for det norske landslaget den 22. august 2007, då han spela dei siste 45 minuttane av privatlandskampen på Ullevaal mot Argentina. Noreg vann kampen 2-1. I dei påfylgjande sesongane var han jamnt aktuell for målvaktsjobben for Noreg, og fekk inn i mellom spele ein heil del kampar. Pr 1. oktober 2012 har han vakta det norske målet 30 gongar.
Merittar [endre]
- Seriemeister med Rosenborg 2009
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Rune Jarstein» frå Wikipedia på engelsk, den 7. oktober 2012.