Rune Slagstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Rune Slagstad (fødd 22. februar 1945) er ein norsk sosiolog, historikar, rettsteoretikar og politikar (SV). Han er professor ved Høgskolen i Oslo og Akershus, senter for profesjonsstudier. Slagstad har vore medredaktør i PaxLeksikon og tidsskrifta Kontrast og Nytt Norsk Tidsskrift. Hovudverket hans er De nasjonale strateger frå 1998. For Nytt Norsk Tidsskrift vart Slagstad tildelt Fritt Ords honnør i 1996.

Slagstad tok magistergrad i sosiologi i 1975 og vart dr.philos. i 1986 med avhandlinga Rett og politikk: et liberalt tema med variasjoner. Han var forlagsredaktør i Pax Forlag 1971–1978 og medredaktør i PaxLeksikon 1978–1981. I 1989 vart han professor II i rettsteori ved Universitetet i Oslo, og vart tilknytta Institutt for samfunnsforskning frå same år.

Slagstad er medlem i Det Norske Akademi for Sprog og Litteratur, styremedlem i Fondet for dansk-norsk samarbeid (1998-), medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi (2002-) og styremedlem i Morgenbladet (2003-). Han har vore nestleiar i Sosialistisk Venstreparti.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]


Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Svein Sundbø: Rune Slagstad - en kronologisk bibliografi over forfatterskapet 1962-2005. - Oslo: Nasjonalbibliotekets bibliografier, nr. 9 2005. - 64 s. Bibliografien har også et biografisk forord.