Runer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Runeskrift)
Den eldre futharken
Runestein frå Uppsala i Sverige.

Runer er dei gamle germanske og nordiske skriftteikna. Dei er inspirerte av det greske/latinske alfabetet, men har òg mange skilnadar. Mellom anna er runene spissare enn dei avrunda romerske bokstavane, ettersom dei skulle rissast i tre eller stein. Dei eldste runefunna er gjort i Danmark og stammar frå rundt år 200[treng kjelde]. Samla sett utgjer runeinnskriftene eit stort tekstkorpus, runeinnskriftene i basen Samnordisk runtextdatabas[1] inneheld til saman 45800 ord, av dei ca. 14000 frå urnordisk tid.

Runer var nytta i dei germanske områda frå tida like etter Kristi fødsel fram til 1800-talet, dei siste hundreåra rett nok berre i særskilde høve. Ei av dei eldste runeinnskiftene, og truleg den eldste kjende i Noreg, er funnen på ein spjotspiss frå Øvre StabuToten og lyder «raunijaR» (=røyner, opplever, erfarer) frå om lag 200 e.Kr.

Dei eldste runeinnskriftene var skrivne med den eldre fuþarken som inneheldt 24 teikn og gjekk ut av bruk før vikingtida. I synkopetida (500–7/800) vart runerekka forenkla, både i form og omfang. Teikna vart forenkla slik at kvart teikn hadde maksimalt ein loddrett strek, og teikna vart reduserte til 16. Dei yngre runene, mellomalderrunene, varierte frå frå stad til stad, men ein kan tala om eit særskilt norsk runealfabet i mellomalderen.

Saman med kristendomen kom det latinske alfabetet etter vikingtida, men runer vart framleis nytta i mange hundre år. Kongelege og kyrkjelege skrivingar vart gjorde med det latinske alfabetet, medan kvardagslege skrivnader vart gjorde med runer, t.d. merkelappar på reisegods og korte meldingar. Samstundes vart runealfabetet utvida med teikn som samsvara med det latinske.

Etter om lag 1400 gjekk runene ut av dagleglivet, men kunnskapen om dei var framleis kjend sjølv om dei som nytta dei, ofte vart sett som trollkunnige. Så seint som på 1800-talet vart runer nytta i einskilde isolerte samfunn, til dømes Dalarne i Sverige.

Einskilde runeteikn har òg vorte nytta saman med latinske, t.d. vart m-runa, kalla «maðr» (mann), ofte nytta som forkorting for ordet «mann» midt inne i tekstar som elles er skrivne med blekkpergament. Den islandske bokstaven «þ» er eit runeteikn som har vorte tilpassa det latinske alfabetet.

Unicode[endre | endre wikiteksten]

Unicodeteiknsettet inneheld alle runene.

Runer
Unicode.org oversikt (PDF)
U+ 0 1 2 3 4 5 6 7 8 9 A B C D E F
16A0
16B0
16C0
16D0
16E0
16F0  

Anna[endre | endre wikiteksten]

Uttrykket «å stava» kjem frå at kvar rune i det yngste runealfabetet hadde ein stav.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. https://www.nordiska.uu.se/forskn/samnord.htm/

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • R. L. Page: Runes. London 1987.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Runer