Rupert's Land

Koordinatar: 57°00′N 92°18′W / 57.000°N 92.300°W / 57.000; -92.300
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rupert's Land
territorium
Land  Det britiske imperiet
Kart
Rupert's Land
57°00′N 92°18′W / 57°N 92.3°W / 57; -92.3
Rupert's Land, syner plasseringa til York Factory

Rupert's Land, stundom kalla «Prince Rupert's Land», var eit territorium i Britisk Nord-Amerika som bestod av nedslagsfeltet til Hudsonbukta som var nominelt eigd av Hudson's Bay Company i 200 år frå 1670 til 1870, sjølv om det budde mange innfødde grupper i same området og som ønskte suverenitet i området. Rupert's Land ligg i dag hovudsakleg i Canada, men ein liten del finst i dag òg i USA. Det vart kalla opp etter prins Rupert av Rhinen, ein nevø av Karl I og den første guvernøren i Hudson's Bay Company.

Områda som høyrte til Rupert's Land omfatatr heile Manitoba, det meste av Saskatchewan, det sørlege Alberta, det sørlege Nunavut, nordlege delar av Ontario og Quebec, i tillegg til delar av Minnesota og Nord-Dakota og nokre små område av Montana og Sør-Dakota.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Rupert's Land

57°00′N 92°18′W / 57.000°N 92.300°W / 57.000; -92.300