Rusbrus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Rusbrus er ein ferdigblanda cocktail på flaske.

Rusbrus var i løpet av heile 1990-talet berre å få kjøpt på Vinmonopolet og utestader med skjenkeløyve for brennevin. Alkoholprosenten i rusbrus svarer som regel til øl.

Framstegspartiet (FrP) anka eit stortingsvedtak i 1997 om å berre selje rusbrus på Vinmonopolet inn for EFTA-domstolen. Her fekk FrP medhald i anken sin. Grunnlaget for vedtaket var at norsk alkoholpolitikk forskjellshandsama ølprodusentane og rusbrusprodusentane. EU sitt regelverk om frihandel sa at alle alkoholhaldige varer med same styrke skulle ha like vilkår. Norske styresmakter fekk då eit ultimatum om anten å flytte ølet til Vinmonopolet eller å flytte rusbrusen ut i butikkane. Norske styresmakter valde det siste. Frå 1. januar 2003 vart det opna for sal av rusbrus i butikk. Det vart samstundes opna for at stader med skjenkeløyve for øl òg kunne skjenke rusbrus.

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!