Ruse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For fiskereiskapen ruse, sjå teine
Ruse
Luftbild Rousse.jpg
Styresmakter
Land
Provins
Bulgaria
Ruse
Geografi
Innbyggjarar[1]
 - By (2010)

166 056
Koordinatar 45°51′23″N 25°58′14″EKoordinatar: 45°51′23″N 25°58′14″E
Høgd over havet 29 m
Tidssone EET (UTC+2)
Diverse anna
Postnummer 7000
Telefon-retningsnummer 082
Bilnummer P
Plassering
Plassering i Bulgaria
Plassering i Bulgaria

Ruse (òg skrive Rousse eller Russe, bulgarsk Русе, tidlegare kalla Rusttsjuk) er den femte største byen i Bulgaria med eit folketal på rundt 166 056. Ruse ligg nordaust i landet på høgre sida av elva Donau, ovanfor den rumenske byen Giurgiu på andre sida. Han ligg 320 km frå hovudstaden Sofia og 200 km frå den bulgarske kysten av Svartehavet. Byen er den viktigaste elvehamnebyen i Bulgaria, og spelar ei viktig rolle innan internasjonal handel i landet.

Ruse er kjend for sin arkitekturstil frå 1800- og 1900-talet i ny-barokk og ny-rokokko-stil, som trekkjer til seg mange turistar. Vennskapsbrua Giurgiu-Ruse kryssar elva like ved, den einaste brua som kryssar Donau mellom Bulgaria og Romania.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Romersk utskjering funnen i Ruse.

Dei tidlegaste spora etter busetnad i området stammar frå 2-3000 år f.Kr. Romarane grunnla i byrjinga av 100-talet hamnebyen Sexaginta Prista. Han hadde som oppgåve og verne den nordlege grensa av Romarriket frå folk som levde nord for Donau.

Byen eksisterte fram til 400-talet. Seinare oppstod busetnaden Tsjerven ved Rusenski Lom sør for noverande Ruse, og denne eksisterte fram til osmanarane overtok området. Rundt 1400-talet byrja den noverande byen å vekse, og fekk ein strategisk og økonomisk status for osmanarane, og vart ein viktig del av festningssystemet i dei nordlege provinsane av Det osmanske riket.

På andre halvdelen av 1800-talet var Ruse sete for ein stor administrativ region (Tuna-Vilaet) og residens for Mitchat Pascha. Rustjuk, som byen då heitte, utvikla seg til eit handelssentrum og ein sterk festning. Fleire europeiske konsulat opna, og hotell, skular og eit bibliotek vart oppretta.

Byen utvikla seg raskt på grunn av båttrafikken på Donau og gjennom den første jarnbanelinja i landet, som gjekk frå Ruse til Varna og vart opna 7. november 1866. Dette vart den første endestasjonen for Orientekspressen. 1878, året då Bulgaria reiv seg laus frå det osmanske styret, hadde Ruse over 26 000 innbyggjarar og var den største byen i Kongeriket Bulgaria.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Teater[endre | endre wikiteksten]

Ruse har eit teater, eit operahus og eit symfoniorkester.

Museum[endre | endre wikiteksten]

Byen har eit historisk museum, eit naturvitskapleg museum, eit trafikkmuseum og eit kunstgelleri.

«Pantheon for gjenfødde heltar» i Ruse.

Byggverk[endre | endre wikiteksten]

I sentrum av byen ligg mange hus frå barokken og renessansen. Viktige nasjonale bygg er mellom anna folketeateret Sava Ognjanov, kunstgalleriet, biblioteket, musikkskulen, domstolsbyggningen og den katolske kyrkja. Ovanfor rådhuset står Fridomsmonumentet (av den italienske skulptøren Arnoldo Zocchi).

Ved breidda av Donanu ligg eit 22 etasjar høgt hotell, og frå her har ein god utsikt over byen, elva Donau, hamna og til Romania. Like ved hotellet står eit monument over hærføraren Stefan Karadzja.

Det største monumentet i Ruse er «Pantheon for gjenfødde heltar», der 30 vidkjende fridomsheltar ligg gravlagd. Ved den nye jarnbanestasjonen ligg eit festningstårn frå den osmanske tida. Ruse har til og med eit 210 meter høgt TV-tårn med utsiktsplattform.

Omgjevnad[endre | endre wikiteksten]

Nord for Ruse, om lag seks kilometer frå sentrum av byen, ligg den såkalla «Venskapsbrua», som med ei lengd på 2,8 kilometer er den lengste stålbrua i Europa. Den har to etasjar, ein for bilar og ein for jarnbane. Brua vart bygd i 1954 og restaurert i 2003.

Elleve kilometer mot aust ligg skogsparken Lipnik med hotell og idrettsanlegg.

Ikkje langt frå byen, nær Ivanovo, ligg Naturparken Rusenski Lom med Klippekyrkjene i Ivanovo, som står på UNESCO si verdsarvliste.

Elvetrafikk på Donau ved Ruse.

Økonomi og infrastruktur[endre | endre wikiteksten]

Ruse er ein industriby (jordbruksprodukt, maskinbygging, konstruksjon av elvebåtar med meir). I omgivnadane rundt byen vert det produsert sukkerbitar og vindruer.

Kommunikasjon[endre | endre wikiteksten]

Ruse har den største hamna ved Donau i Bulgaria, og ein flyplass. Byen er eit knutepunkt for jarnbane og vegtrafikk. Over brua til Giurgiu vert det transportert ein god del eksport- og importvarer. Mange turistar nyttar brua.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Ruse har ein høgskule for maskinkonstruksjon og jordbruk.

Kjende personar frå Ruse[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ruse