Russell Crowe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Russell Crowe

Russell Ira Crowe (fødd 7. april 1964) er ein newzealandsk-australsk filmskodespelar. Han vann oscarprisen for beste mannlege hovudrolle i Gladiatoren i 2001.

Crowe vart fødd i WellingtonNew Zealand. Då han var fire flytta familien til Australia. Då han var 14 flytta dei tilbake til New Zealand igjen, og som 21-åring reiste Crowe tilbake til Australia på eiga hand. Han hadde tenkt å studera skodespel ved National Institute of Dramatic Art, men etter råd frå ein ven let han dette vera.[1] I staden dreiv han mellom anna som gatemusikant i eit halvår.[2]

Crowe byrja skodespelarkarriera si fjernsynsseriane Neighbours og Living with the Law, før han filmdebuterte i The Crossing og Blood Oath i 1990. I 1991 spelte han in Proof, som gav han ein Australian Film Institute (AFI)-pris for beste birolle. I 1992 vann han AFI-rpisen som beste mannlege skodespelar for rolla si i Romper Stomper.

Etter suksessen i Australia fekk Crowe rollar i Hollywood-filmar. Han spelte saman med Denzel Washington i Virtuosity og med Sharon Stone i The Quick and the Dead i 1995. I 2001 vann han to oscarprisar for Gladiatoren. Han blei også oscarnominert for The Insider og A Beautiful Mind, den sistnemnde vann han ein BAFTA-pris for.

I 2005 samarbeidde Crowe med A Beautiful Mind-regissøren Ron Howard igjen i Cinderella Man, og i 2006 med Gladiator-regissøren Ridley Scott i A Good Year og seinare American Gangster, der han igjen spelte med Denzel Washington.

Crowe gifta seg med den australske skodespelaren og songaren Danielle Spencer i 2003. Dei har to søner.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne filmartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.