Russenorsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Russenorsk
Klassifisering: Indoeuropeisk
 Pidginspråk
Bruk
Område: Nord-Noreg
Utdøydd: 1900-talet
Språkkodar
Glottolog: russ1267

Russenorsk var eit pidginspråk som før første verdskrigen vart brukt som hjelpespråk i handelen mellom Nord-Noreg og Nordvest-Russland (særleg Kolahalvøya). Språket var ei blanding av i hovudsak norsk (særleg nordnorske dialektar) og russisk. Om lag 400 ord er bevart av språket, det meste er samtalar mellom ein nordmann og ein russar der dei diskuterer prisar, handel, vêr og vind og familieliv.

Russenorsk i pidginspråksforskinga[endre | endre wikiteksten]

Ei sentral hypotese innanfor moderne pidginspråkforsking har vore at grunnen til at alle pidginspråk er så like, er at alle har portugisisk som eit sentralt kjeldespråk. Russenorsk var relevant for denne debatten, i og med at språket har dei same karakteristiske draga som andre pidginspråk, men utan at portugisisk ligg til grunn.

Eksempel på russenorsk[endre | endre wikiteksten]

Russenorsk var samansett av omtrent like mykje norsk som russisk (ca. 50 % av orda frå norsk, 40 % frå russisk), men hadde også lånord frå svensk, tysk, fransk, engelsk og andre språk. Nordmennene trudde at dei snakka russisk, og russarane trudde dei snakka norsk. Då norske forretningsmenn tok til å sende barna sine til Arkhangelsk for å studere russisk, mot slutten av 1800-talet, mista russenorsk ein del av statusen sin, og vart meir brukt av vanlege folk.

Russenorsk har ein enkel grammatikk. Den einaste preposisjonen er «på», som naturleg nok har mange bruksområde. Suffikset «-om» dannar verb verb, f.eks. kopom (kjøpe), drikkom (drikke) og slipom (sove). Som i russisk bruker ikkje russenorsk kopula (hjelpeverbet «vere» i presens).

  • «Kanali norfar, kodi boska? = Galne nordmann, kvar er tønna?
  • «Moja grot krank på guano = Eg har vondt i hovudet.
  • «Kupi vina, jebi mina» = Kjøp vin, kjøp meir.
  • «Moja på tvoja» = Eg og du.
  • «Kak sprek? Moje niet forsto» = Kva seier du? Eg forstår ikkje.

Lånord i nordnorske dialektar frå russenorsk[endre | endre wikiteksten]

  • balduska = kveite
  • kartanka = filtsko
  • å råbbåte = arbeide, ferdiggjøre fisk
  • klæba = brød
  • prennek = kjeks, tørre småkaker
  • å krale = å stele
  • sabbusa = slarkestøvlar
  • å kvase = å drikke seg full

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Broch, Olaf 1827: Russenorsk. Maal og Minne s. 81-130.
  • Broch, Olaf 1930: Russenorsk tekstmateriale. Maal og minne h. 4.
  • Broch, Ingvild/Ernst Håkon Jahr: Russenorsk – et pidginspråk i Norge, Tromsø-studier i språkvitenskap III, 2. utg., Oslo 1984, ISBN 82-7099-091-4.
  • Jahr, E.H., Innhogg i nyare norsk språkhistorie, Novis forlag, 1992.
  • Lunden, S. S. 1978. Tracing the ancestry of Russenorsk. Slavia Orientalis 27/2, 213-217.
  • Peterson, R. E. 1980. Russenorsk: A little known aspect of Russian-Norwegian relations, Studies in language 4/2, 249-256.
  • Stangnes, Helge 1986: – «som han sa, russen» – Om restar av det russenorske språket i Nord-Norge, Årbok for Senja, nr. 15.