Russian Gap

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 69°11′S 71°13′W
Russian Gap
fjellovergang
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
Grensar til Havre Mountains, Rouen Mountains
stad Aleksanderøya
 - koordinatar 69°11′S 71°13′W
Administrert under Antarktistraktaten
Russian Gap is located in Antarktis
Russian Gap (Antarktis)

Russian Gap er eit skard som strekkjer seg frå nord til sør mellom Havre Mountains og Rouen Mountains, nord på Aleksanderøya i Antarktis. Nordkysten av Aleksanderøya vart først skissert frå stor avstand i 1821 av den russiske ekspedisjonen under Fabian Gottlieb von Bellingshausen og dette skardet var visstnok ein av to opningar mellom tre av dei høge fjella dei såg. Skardet vart kartlagd i detalj frå flyfoto tekne under Ronne antarktiske forskingsekspedisjon (RARE), 1947–48, av Searle frå Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) i 1960. Det vart namngjeve av United Kingdom Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) etter russarane som observerte området i 1821. Russian Gap og Edwards Gap er dei to einaste skarda av denne typen på Aleksanderøya.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Russian Gap» (innhald frå Geographic Names Information System).