Russkaya-stasjonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 74°46′S 136°52′W
Russkaya-stasjonen
stasjon
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
stad Marie Byrd Land
 - koordinatar 74°46′S 136°52′W
Administrert under Antarktistraktaten
Russkaya-stasjonen is located in Antarktis
Russkaya-stasjonen (Antarktis)

Russkaja-stasjonen var ein sovjetisk Antarktis-stasjonen som ligg på Ruppert Coast i Marie Byrd Land vest i Antarktis). Stasjonen vart føreslått i 1973 og godkjend i 1978. Bygginga byrja året etter og han vart opna 9. mars 1980.

Til å vere ved kysten av Antarktis vert vinden rekna som heller kraftig. Talet på dager med vindstyrke over 15 m/s i området kring stasjonen er 264, og på 136 av desse dagane er vindstyrken over 30 m/s. Middeltemperaturen i dei kaldaste månadane juli-august er -20 °C. I dei varmaste månadane desember-januar er -2 °C. Den lågaste temperaturen som er registrert her er -46,4 °C i 1985, og den høgaste er +7,4 °C i 1983. Årsmiddeltemperaturen er -12 °C og det årlege snøfallet er kring 2000 mm.

Stasjonen vart fråreist i byrjinga av 1990. I februar 2006 sa Valerij Lukin, sjefen for den russisk antarktisekspedisjonen (RAE), at det er planar om å opne dei nedlagde stasjoanne Molodjozjnaja, Leningradskaja og Russkaja i 2007-2008.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]