Russkijøya i Karahavet

Koordinatar: 77°03′N 96°30′E / 77.050°N 96.500°E / 77.050; 96.500
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Russkijøya og nærliggande øyar nord i Nordenskiöldøyane.
Plasseringa til Russkijøya i Karahavet.

Russkijøya (russisk остров Русский, tyder «Den russiske øya») er ei øy i Karahavet nord i Krasnojarsk kraj i Russland. Ho er ein del av Nordenskiöldøyane. Med eit areal på 309 km² er ho den største øya i øygruppa. Ho er òg den nordlegaste øya i øygruppa ved 77° 03' N. Russkijøya er ein del av Det store arktiske statlege naturreservatet, det største naturreservatet i Russland og Europa.

Øya må ikkje forvekslast med Russkijøya utanfor Vladivostok i Peter den store-bukta.

Historie[endre | endre wikiteksten]

25. august 1942 under Operasjon Wunderland møtte den tyske kryssaren «Admiral Scheer» den russiske isbrytaren Sibirjakov under kaptein Katsjarev sin kommando like utanfor nordvestkysten av Russkijøya. Isbrytaren gjorde heroisk motstand men sokk til slutt etter eit ujamnt slag. «Admiral Scheer» segla så sørvestover for å gå til åtak på sovjetiske militærinstallasjonar ved Dikson.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

77°03′N 96°30′E / 77.050°N 96.500°E / 77.050; 96.500