Russlands liberaldemokratiske parti

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Russlands liberaldemokratiske parti (LDPR) (russisk Либерально-демократическая партия России - Liberalno-demokratitsjeskaja partija Rossii) er eit høgreorientert, populistisk politisk parti i Russland. Partiet vart stifta 13. desember 1989. Leiaren har heile tida vore Vladimir Zjirinovskij. LDPR vart det største partiet ved det første parlamentsvalet i det sjølvstendige Russland den 12. desember 1993, med 22,9 % av røystene. Ved det siste parlamentsvalet, 2. desember 2007, vart partiet tredje størst med 8,1 % av røystene. Partiet har nominert Vladimir Zjirinovskij som sin kandidat til det russiske presidentvalet i mars 2008.

Valresultat for LDPR[endre | endre wikiteksten]

Val til dumaen 1993-2007
Årstal Prosent av stemmene
1993 22,9%
1995 11,2%
1999 6,0%
2003 11,4%
2007 8,1%
      Presidentval
Årstal Prosent av stemmene
1991 Vladimir Zjirinovskij - 7,8%
1996 Vladimir Zjirinovskij - 5,7%
2000 Vladimir Zjirinovskij - 2,7%
2004 Oleg Malysjkin - 2,0 %
2008 Vladimir Zjirinovskij - 9,4 %

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]