Rust Never Sleeps

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rust Never Sleeps
Konsertalbum av Neil Young & Crazy Horse
Språk engelsk
Utgjeve 22. juni 1979[1]
Innspelt 1975–78[2]
Spelestad The Boarding House i San Francisco
Sjanger Akustisk, hardrock[3]
Lengd 38:16
Selskap Reprise
Produsent Neil Young, David Briggs, Tim Mulligan
Neil Young-kronologi 
Comes a Time
(1978)
Rust Never Sleeps Live Rust
(1979)


Rust Never Sleeps er eit konsertalbum av den kanadiske musikaren Neil Young og det amerikanske bandet Crazy Horse. Det kom ut 22. juni 1979 på Reprise Records.[4] Det meste av albumet er henta frå konsertopptak med ekstra spor lagt til i studio etterpå. Lyden av publikum vart stort sett fjerna. Young brukte omgrepet «rust never sleeps», «rust søv aldri», som eit konsept for turneen sin med Crazy Horse for å unngå kunstnarisk sjølvtilfredsheit og prøve ein meir progressiv og teatralsk tilnærmingsmåte på konsertane.[5]

Bakgrunn og innspeling[endre | endre wikiteksten]

Det meste av albumet vart spelt inn på scenen i The Boarding House i San Francisco under turneen til Neil Young og Crazy Horse seint i 1978. Seinare vart det lagt til ekstra lydspor. Publikumslydane vart fjerna så langt det var råd, men det er likevel mogeleg å høyre publikummet her og der, særleg på første og siste spor. Albumet er delvis akustisk og delvis elektrisk, og vert avslutta med to versjonar av same song, «Hey Hey, My My».[6]

«My My, Hey Hey (Out of the Blue)», «Thrasher» og «Ride My Llama» vart spelte inn live på The Boarding House tidleg i 1978 og heile side to vart spelt inn på turneen seinare i 1978. To songar på albumet var spelte inn i stuio: «Sail Away» vart spelt inn utan Crazy Horse under eller etter innspelinga av Comes a Time ,[7] og «Pocahontas» vart spelt inn solo i 1976[7] (originalen utan overdubbar vart gjeven ut i 2017 på arkivalbumet Hitchhiker).

Young gav òg ut ein filmversjon av albumet med same namn. Seinare i 1979 gav Young og Crazy Horse ut albumet Live Rust, som var eit konsertalbum med eldre songar innimellom songane frå Rust Never Sleeps. Tittelen er lånt frå slagordet for Rust-Oleum-måling og vart foreslått av Mark Mothersbaugh frå New Wave-bandet Devo.[8] Det er òg ein aforisme som skildrar den musikalske sjølvfornyinga til Young for å unngå å bli irrelevant.

Albumet vart av kritikarane i Rolling Stone kåra til årets album i 1979.[9] I 2003 vart albumet rangert på 350. plass på lista til det same magasinet over dei 500 største albuma gjennom tidene.[10]

Kritikk[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic5/5 stars[11]
Chicago Tribune4/4 stars[12]
Encyclopedia of Popular Music5/5 stars[13]
The Great Rock Discography9/10[13]
Music Story5/5 stars[13]
MusicHound Rock4.5/5[13]
Q4/5 stars[2]
The Rolling Stone Album Guide5/5 stars[14]
Spin Alternative Record Guide10/10[13]
The Village VoiceA+[15]

I ei melding for The Village Voice då albumet kom ut kalla Robert Christgau Rust Never Sleeps det beste albumet til Young til no og sa at melodiane var overraskande enkle og originale med overraskande og komplekse tekstar. Christgau skreiv: «Han er klokare, men ikkje trøyttare og sigrar over den langsame utbrenninga som tittelen hans åtvarar mot ».[15] Paul Nelson skreiv iRolling Stone at første sida var meisterleg på grunn av måten Young overgår den akustiske settinga med den dominerande framføringa si og var imponert over motiva som omhandla personleg flukt og utmatting, rolla til rocken og amerikansk vald: «Rust Never Sleeps fortel meg meir om livet mitt, landet mitt og rock and roll enn noko musikk eg har høyrt på mange år.»[16] Rust Never Sleeps vart stemt fram som det nest beste albumet i 1979 i den årlege kritikarundersøkinga Pazz & Jop i The Village Voice.[17] Christgau, som skapte undersøkinga sette sjølv albumet på andreplassen på lista si, og det same gjorde kritikaren Greil Marcus.[18] Albumet vann òg kritikarprisen til Rolling Stone i 1979 for årets album.[19] I ei tiårsliste for The Village Voice, sette Christgau albumet på niandeplassen for 1970-åra.[20]

I 2003 vart Rust Never Sleeps rangert på 351. plassen på Rolling Stone si liste over dei 500 beste albuma gjennom tidene.[21] I ei seinare melding skreiv Greg Kot for Chicago Tribune at både den akustiske og den elektriske sida var utruleg bra.[12] AllMusic og William Ruhlmann meinte at Young hadde kome attende med ny kunstnarisk kraft ved å vere nyskapande og modig, og i prosessen skapt eit eksemplarisk album som «omkapsla dei mange stilane hans på ei enkel plate med flotte songar - særskild den merkverdige 'Powderfinger' — ulik alt han hadde skrive før.»[11] Rob Sheffield skreiv i The Rolling Stone Album Guide (2004) at «Powderfinger», «Pocahontas», «Thrasher» og «Hey Hey, My My (Into the Black)» alle var blant dei beste songane til Young.[14]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songane er skrivne av Neil Young, utanom der andre er nemnde.[22]

Side ein[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«My My, Hey Hey (Out of the Blue)»Neil Young, Jeff Blackburn3:45
2.«Thrasher» 5:38
3.«Ride My Llama» 2:29
4.«Pocahontas» 3:22
5.«Sail Away» 3:46

Side to[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLengd
1.«Powderfinger»5:30
2.«Welfare Mothers»3:48
3.«Sedan Delivery»4:40
4.«Hey Hey, My My (Into the Black)»5:18

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

med (på «Sail Away»)
Crazy Horse (på side to)

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1979) Plassering
UK Albums Chart[23] 13
US Billboard 200[24] 8

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Neil Young Archives». Neilyoungarchives.com. Henta 26. februar 2019. 
  2. 2,0 2,1 «Crazy Horse - Neil Young - Rust Never Sleeps CD Album». CD Universe. Henta 26. februar 2019. 
  3. Schinder, Scott; Schwartz, Andy, red. (2007). Icons of Rock: An Encyclopedia of the Legends Who Changed Music Forever. ABC-CLIO. s. 460. ISBN 0-313-33845-0. Henta 26. februar 2019. «...Rust Never Sleeps mixed akustisk material with squalling, feedback-laden hardrock.» 
  4. Mendelsohn, Jason (14. juni 2013). «Counterbalance No. 133: Neil Young's 'Rust Never Sleeps'». PopMatters. Henta 26. februar 2019. 
  5. Daniel Durchholz, Gary Graff (2012). Neil Young: Long May You Run: The Illustrated History, Updated Edition. Voyageur Press. s. 112–13. ISBN 0-7603-4411-6. Henta 26. februar 2019. 
  6. «Neil Young Discography». neilyoung.com. Arkivert frå originalen 9. januar 2013. 
  7. 7,0 7,1 «HyperRust chronology». Henta 26. februar 2019. 
  8. Shakey: Neil Young's Biography, Jimmy McDonough, 2002, Anchor
  9. «Albums Of The Year and End Of Year Critic Lists». Rocklist.net. Henta 28. oktober 2010. 
  10. «500 Greatest Albums of All Time». Rollingstone.com. Arkivert frå originalen 1. desember 2010. Henta 28. oktober 2010. 
  11. 11,0 11,1 Ruhlmann, WIlliam. Rust Never SleepsAllmusic. Henta 27. februar 2019.
  12. 12,0 12,1 Kot, Greg (21. oktober 1990). «From Rock To Country And Back Again». Chicago Tribune. Henta 26. februar 2019. 
  13. 13,0 13,1 13,2 13,3 13,4 «Rust Never Sleeps». Acclaimed Music. Arkivert frå originalen 19. september 2017. Henta 26. desember 2016. 
  14. 14,0 14,1 «Neil Young: Album Guide». Rolling Stone. Henta 26. februar 2019. 
  15. 15,0 15,1 Christgau, Robert (30. juli 1979). «Christgau's Consumer Guide». The Village Voice (New York). Henta 26. februar 2019. 
  16. Nelson, Paul (Oct 18, 1979). «Neil Young Rust Never Sleeps > Album Review». Rolling Stone (302). Arkivert frå originalen den 24. august 2007. Henta 27. februar 2019. 
  17. «The 1979 Pazz & Jop Critics Poll». The Village Voice (New York). Henta 26. februar 2019. 
  18. Christgau, Robert (28. januar 1980). «The Pazz & Jop Critics' Poll (Almost) Grows Up». The Village Voice (New York). Henta 26. februar 2019. 
  19. «Albums Of The Year And End Of Year Critic Lists». Rocklist.net. Henta 27. februar 2019. 
  20. Christgau, Robert (17. desember 1979). «Decade Personal Best: '70s». The Village Voice (New York). Henta 23. juni 2013. 
  21. Levy, Joe; Steven Van Zandt (2006) [2005]. «350 | Rust Never Sleeps - Neil Young and Crazy Horse». Rolling Stone's 500 Greatest Albums of All Time (3rd utg.). London: Turnaround. ISBN 1-932958-61-4. OCLC 70672814. Arkivert frå originalen 4. november 2011. Henta 27. februar 2019. 
  22. Neil Young and Crazy Horse. Rust Never Sleeps (Reprise Records, 1979).
  23. «Neil Young». Official Charts Company. Henta 26. februar 2019. 
  24. «Rust Never Sleeps - Crazy Horse, Neil Young». Allmusic. Henta 26. februar 2019. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]