Rustavi

Koordinatar: 41°32′N 45°00′E / 41.533°N 45.000°E / 41.533; 45.000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rustavi
რუსთავი
Styresmakter
Land Georgia
Grunnlagd 1948
Geografi
Flatevidd 60 km²
Innbyggjarar
 - By (2014)
   - folketettleik

125 103
  2082/km²
Koordinatar 41°32′N 45°00′E / 41.533°N 45.000°E / 41.533; 45.000
Høgd over havet 350 m
Tidssone MSD (UTC+4)
Diverse anna
Nettstad: http://rustavi.gov.ge/
Plassering

Rustavi (georgisk რუსთავი) er ein by søraust i Georgia i provinsen Kvemo Kartli, 25 km søraust for hovudstaden Tbilisi. Han ligg ved elva Kura og har om lag 125 103 innbyggjarar (2014).

Byen vart grunnlagd i 1948 for å huse arbeidarar til eit jernverk i nærleiken. Farbrikken vart bygd mellom 1941 og 1950 for å handsame jernmalm frå Aserbajdsjan. Stalin førte arbeidarar her frå forskjellige område i Georgia, hovudsakleg dei fattigare landsbygdene i vest. Han tok namn etter ein antikk by som vart øydelagd av den monogolske leiaren Tamerlane rundt år 1400. Rustavi vart eit stort industrisenter i Transkaukasus-området. Hovudnæringa er jern og stål og produksjon av metallprodukt og kjemikaliar.

Tyske krigsfangar, som vart fanga under den andre verdskrigen, vart innrullert for å utforme og byggje Gamle Rustavi. Rustavi er eigentleg delt i to delar, Dzveli Rustavi (Gamle Rustavi) og Akhali Rustavi (Nye Rustavi). Gamle Rustavi vart bygd med ein stalinistisk arkitekturstil, medan Nye Rustavi er dominert av tilsynelatande endelause rekkjer av dystre blokkleilegheiter frå sovjettida.

Lausrivinga frå Sovjetunionen i 1991 var katastrofal for Rustavi, sidan den sovjetiske økonomien som byen var avhengig av òg kollapsa. I dag er dei fleste fabrikkane lagd ned og 65 % av innbyggjarane er arbeidslause med alle dei sosiale problema, som høg kriminalitet og fattigdom, som det fører med seg. Folketalet gjekk ned frå om lag 160 000 på midten av 1990-talet då innbyggjarane reiste andre stader for å få seg jobb.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]