Rutemønster

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Flislagt rutemønster.
Vevd rutemønster.

Rutemønster er eit mønster laga av mange ruter (ofte kvadrat) i kontrastfargar. Det er eit vanleg mønster i klede og flislegging, og blir brukt til visse føremål, som til brettspel eller uttrykkingskøyretøy. Mønster som er rutete kan vera storruta - med store ruter - eller småruta. Rutene kan ha to vekslande fargar, til dømes kvitt og svart som i sjakkbrettmønster, eller mange ulike fargar.

Sidan vevnad er danna av to trådsett som ligg normalt på kvarandre, er det svært enkelt å veva rutemønster. Eit kjend døme er skotsk tartan. Det er òg eit mønster som lett kan brukast i lappeteknikk.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Rutemønster