Rutfordstraumen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rutfordstraumen
isstraum
Radarsatbilete av isstraumar, inkludert Rutford, som flyt ut i Filchner-Ronne-isen
Land  Antarktis
Stad Ellsworth Land
 - koordinatar 79°00′S 81°00′W / 79.000°S 81.000°W / -79.000; -81.000
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Rutfordstraumen
79°S 81°W / 79°S 81°W / -79; -81
Rutfordstraumen is located in Antarktis
Rutfordstraumen (Antarktis)

Rutfordstraumen er ein stor isstraum i Antarktis, som er kring 290 km lang og over 25 km brei, og som flyt søraustover mellom Sentinel Range i Ellsworth Mountains og Fletcher ishaug og inn i sørvestlege delar av Ronneisen. Han vart namngjeven av US-ACAN etter geologen Robert Hoxie Rutford, eit medlem på fleire ekspedisjonar for USARP til Antarktis og leiaren for gruppa frå University of Minnesota til Ellsworth Mountains 1963-1964. Rutford var direktør i polaravdelinga til National Science Foundation i tida 1975-1977.[1]

Isstraumen ligg i eit djupt søkk som er ei forkasting mellom Ellsworth Mountains og Fletcher Promontory. På grunn av plasseringa til isstraumen kan han ha vore stabil i fleire millionar år. Undersida av isstraumen går ned til 2000 meter under havnivå. Derfor er det eit vertikalt fall mellom botnen av isstraumen og høgda på Ellsworth Mountains på over 7 km over ein avstand på berre 40 km.[2] Ved den øvre enden av isstraum (over land) har isen ein tjukkleik på 3100 meter, medan han i midtre delar av 2300 m. Straumen når den største snøggleiken på kring 400 meter per år kring 40 km innover frå der isen møter Ronneisen og byrjar å flyte utover i sjøen.[2]

Rutfordstraumen varierer i snøggleik med så mykje som 20 % annakvar veke som følgje av tidvasskrefter.[3]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Rutfordstraumen». Geographic Names Information System. United States Geological Survey. Henta 28. desember 2013. 
  2. 2,0 2,1 Doake, C.; H. Corr; A. Jenkins; K. Makinson; K. Nichalls; C. Nath; A. Smith & D. Vaughan (2001). «Rutford Ice Straum in Antarctic». I Alley, Richard & Bindschadler, Robert. Den vestantarktiske innlandsisen: Behaviour and Environment. American Geophysical Union. s. 221–235. ISBN 0-87590-957-4. 
  3. ScienceDaily, Tidal Motion Influences Antarktis Ice Sheet Dec. 24, 2006

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Rutford Ice Stream» (innhald frå Geographic Names Information System).