Ruth Grung

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ruth Mari Grung (fødd 10. mars 1959) er ein norsk politikar (Ap) som er stortingsrepresentant for Hordaland i 2013-2017.

Grung fungerte som Bergens byråd for barnehage, idrett og skule frå 1. september 2002 til 30. juni 2003, medan byråd Anne-Gine Hestetun hadde omsorgspermisjon. Ho var medlem av Bergen bystyre frå 2003 til 2011. Grung var ordførarkandidat for Arbeidarpartiet i Bergen ved kommunevalet i 2007. Ho var kommunalråd og leiar for bystyrets komité for miljø og byutvikling 2007-2011. Ho er også styreleiar for Stiftelsen Kulturhuset Verftet USF.

Ved fylkestingsvalet i 2011 var ho Arbeidarpartiets fylkesordførarkandidat i Hordaland. Ho var medlem av fylkestingets fylkesutval og Arbeiderpartiets gruppeleiar fram til ho ble innvald på Stortinget. Grung har tidlegare vore leiar av Arbeidarpartiet i Bergen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]