Ruth Shady

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ruth Shady Solís (fødd 29. desember 1946) er ein peruansk antropolog og arkeolog fødd i Callao. Ho er grunnleggjar og leiar av det arkeologiske prosjektet Caral-Supe.

I si profesjonelle karriere har Shady leidd arkeologiske prosjekt i kyststrøk, fjellområde og regnskog i Peru. Ho har lagt vekt på studie av framvekst av sosialt og politisk komplekse organisasjonar. Ho har vore direktør for Nasjonalt museum for arkeologi og antropologi i Peru og for Museum for arkeologi og antropologi ved Universidad Nacional Mayor de San Marcos. Ho har òg hatt fleire andre stillingar ved universitetet.

Shady har publisert resultat i nasjonale og internasjonale bøker og magasin.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]