Rutil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rutil
Rutile-122157.jpg
Vinraude rutilkrystallar frå Binndalen i Sveits (Storleik: 2.0 x 1.6 x 0.8 cm)
Generelt
Kategori Oksydmineral
Kjemisk formel TiO2
Strunz-klassifisering 04.DB.05
Krystallsymmetri Tetragonal ditetragonal dipyramidal
H-M-symbol: (4/m 2/m 2/m)
Romgruppe: P 4/mnm
Einingscelle a = 4.5937 Å, c = 2.9587 Å; Z = 2
Identifikasjon
Farge raudbrun, raud, bleik gul, lyseblå, fiolett, sjeldangrasgrøn; svart om høgt innhald av Nb–Ta
Krystallform Nåleforma til prismatiske krystallar, langstrekte og stripete parallell til [001]
Krystallsystem Tetragonal ditetragonal dipyramidal
Tvilling Vanleg på {011}, eller {031}; som kontakttvillingar med to, seks, eller åtte individuelle, syklisk, polysyntetisk
Kløyv {110} god, 100 moderate, deling på {092} og {011}
Brot Ujamn til delvis muslig
Mohs hardleiksskala 6.0 - 6.5
Glans Diamantaktig til submetallisk
Strekfarge Lyseraud til mørkeraud
Transparens Ugjennomsiktig, gjennomsiktig i tynne fragment
Spesifikk vekt 4.23 aukande med innhald av Nb–Ta
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskapar Einaksa (+)
Brytingsindeks nω = 2.613 nε = 2.909 (589nm)
Dobbeltbryting 0.296 (589nm)
Pleokroisme Svak til tydeleg brunraud-grøn-gul
Dispersjon (spreiing) kraftig
Smeltbarheit Smeltbar i alkalikarbonat
Oppløyselegheit Uoppløyseleg i syrer
Kjelder [1][2][3][4]

Rutil er eit mineral som består av titandioksid, TiO2. Det inneheld vanlegvis nokre prosent jarn og har då oftast ein raud eller brun farge. Reint titandioksid er kvitt.

Rutilnåler finst ofte inneslutta i kvarts (rutilkvarts, blåkvarts, rosenkvarts). To andre og sjeldnare mineral har same samansetjing, men ulik struktur: anatas og brookitt. Dette vert kalla polymorfi.

Rutil er særs utbreidd i magmatiske og metamorfe bergartar og kan dessutan finnast anrika i sandavleiringar. Ein finn større mengder av mineralet fleire stader på gabbroar i Sør-Norge, og fleire stader var det drift på mineralet.

Rutil vert nytta til å framstille porselensfargar, titanmetall og diverse titansambindingar, men elles er ilmenitt den viktigaste titanmalmen. Klåre rutilkrystall blir framstilg kunstig og blir nytta som smykkestein med handelsnamnet titania.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Raade, Gunnar. (11. mars 2012). Rutil. I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/rutil.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Rutil
  1. Handbook of Mineralogi
  2. Webmineral data
  3. Mindat.org
  4. Klein, Cornelis and Cornelius S. Hurlbut, 1985, Manual of Mineralogi, 20th ed., John Wiley and Sons, New York, p. 304-305, ISBN 0-471-80580-7