Riksveg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Rv)
Riksveg og europaveg E39 ved Knarvik.
«Rv» omdirigerer hit. For partiet, sjå Raud Valallianse.

Riksveg er ein type veg som typisk blir driven av statlege styresmakter og som bind landsdelar eller land saman. Denne typen veg finst i fleire land under ulike namn, reglar og vegmerking.

Noreg[endre | endre wikiteksten]

I Noreg er riksvegar drivne av Statens vegvesen og staten ber utgiftene for planlegging, bygging, utbetring, vedlikehald og drift. Riksvegar er merkte med svart vegnummer på kvitt, firkanta skilt med svart bord.

Norske riksvegar har sidan 2010 vore delte inn i to kategoriar, europavegar og vanleg riksvegar. Tidlegare blei desse kalla stamvegar, og ein hadde med ein tredje kategori, andre riksvegar. Desse blei frå 2010 av fylkesvegar.

Nummerskiltet for riksveg 52.

Riksvegar er merkte med nummerskilt i kvite siffergrøn bakgrunn og har, med nokre unntak, nummer som er lågare enn 20.

Dei andre riksvegane har nummerskilt med svart skrift på kvit bakgrunn. Regionale riksvegar har to siffer i nummeret, medan meir lokale og kortare riksvegar har tre siffer.

Bortsett frå vegar med særskilt status eller vern er alle vanlege riksvegar er asfalterte. «Grusvegpakken» var prosjektet som sørgde for at alle dei gjenverande riksvegane som ikkje hadde verdi i følgje Nasjonal verneplan for veger og bruer fekk asfaltdekke. Riksveg 716 mellom Bergli og Valen på Frøya i Sør-Trøndelag var den siste riksvegstrekninga med grusdekke. Dei to kilometerane som stod igjen blei asfaltert den 17. desember 2003, mellom anna ved hjelp av dåverande samferdselsminister Torild Skogsholm.

Riksvegar som blir haldne som grusvegar i tråd med verneplanen er riksveg 252 (Tyin–Eidsbugarden), riksveg 258 (Grotli-Ospeli bru) og riksveg 886 (Bjørnstad–Jacobselv).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«riksvei» i Store norske leksikon, snl.no.