Ryan Lochte

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ryan Lochte i 2008.

Ryan Steven Lochte (fødd 3. august 1984) er ein USA-amerikansk symjar. Han deltok under sommar-OL 2004 i Athen der han var med på å ta gull på 4×200 m fri stafett. Under sommar-OL 2008 i Beijing var han med på å vinna gull på same øvinga, samt eitt individuelt gull på 200 m rygg. Under VM i symjing 2011 tok han heile fem gullmedaljar.

Lochte deltek også under sommar-OL 2012 i London. Her tok han sitt fjerde OL-gull på 400 meter medley den 28. juli 2012. Landsmannen Michael Phelps enda på fjerdeplass.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne idrettsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.