Ryan Nelsen
| Personleg informasjon | ||
|---|---|---|
| Namn | Ryan William Nelsen | |
| Fødselsdato | 18. oktober 1977 | |
| Fødestad | Christchurch i New Zealand | |
| Høgd | 185 cm | |
| Posisjon | Forsvar | |
| Klubbinformasjon | ||
| Spelar for | Blackburn Rovers | |
| Draktnummer | 6 | |
| Ungdomsklubb | ||
| 1997-99 1999-2001 |
||
| Klubbar* | ||
| År | Klubb | Kampar (mål) |
| 2001-05 2005- |
81 (7) 143 (5) |
|
| Landslag** | ||
| 1999- | 38 (6) | |
|
* Klubbkampar og mål i nasjonal liga |
||
Ryan William Nelsen (fødd 18. oktober 1977 i Christchurch i Canterbury-regionen) er ein newzealandsk fotballspelar som spelar i forsvar for Blackburn Rovers i engelsk Premier League, og for New Zealand sitt landslag.
Nelsen drog til USA i 1997 for å spela college-fotball for Greensboro College i North Carolina. Frå 1999 til 2001 studerte og spelte han for Stanford University. Han vart uteksaminert med bachelorgrad i statsvitskap. I 2001 gjekk han til DC United i den amerikanske proffligaen Major League Soccer. I 2003 vart han lagkaptein for klubben. I januar 2005 gjekk han på gratis overgang til Blackburn Rovers i engelsk Premier League. I 2007 vart han klubbkaptein for Blackburn.
Nelsen debuterte for New Zealand sitt A-landslag i ein kamp mot Polen 19. juni 1999. Han var landslagskaptein for New Zealand under kvalifiseringa til fotball-VM i 2010, då New Zealand kvalifiserte seg til VM for første gong sidan 1982.
|
|
||
|---|---|---|
| 1 Paston • 2 Sigmund • 3 Lochhead • 4 Reid • 5 Vicelich • 6 Nelsen • 7 Elliott • 8 Peverley • 9 Smeltz • 10 Killen • 11 Bertos • 12 Moss • 13 Barron • 14 Fallon • 15 McGlinchey • 16 Clapham • 17 Mulligan • 18 Boyens • 19 Smith • 20 Wood • 21 Christie • 22 Brockie • 23 Bannatyne • Trenar: Herbert |
||