Ryde & Berg Orgelbyggeri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Ryde & Berg)
Ryde & Berg bygde orgelet i Oslo domkyrkje i 1998, men prospektet er mykje eldre.
Foto: Hans A. Rosbach

Ryde & Berg Orgelbyggeri vart skipa av orgelbyggjarane Jan Ryde og Nils Olof Berg i 1985. Verksemda held til i Fredrikstad og har per 1. september 2013 12 tilsette. Orgelbyggeriet er eit aksjeselskap leia av Jan Ryde.

Ryde & Berg Orgelbyggeri har levert orgel til rundt 90 kyrkjer og musikkinstitusjonar. Mellom kyrkjeorgla kan nemnast dei tre orgla i Oslo domkyrkje, orgelet i Tønsberg domkyrkje og Ris kyrkje i Oslo. Orgelbyggeriet fekk òg oppgåva med å byggje nytt konsertorgel til Stavanger Konserthus.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]