Ryder Cup

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!

Ryder Cup er eit golftrofé det blir kjempa om annakvart år i ei turnering som offisielt heiter Ryder Cup Matches. Deltakarane er eitt lag som representerer Europa og eitt som representerer USA.

Turneringa blei fyrste gong halden i 1927, den gongen mellom USA og Storbritannia. Etter meir enn 40 år med amerikansk dominans (Storbritannia vann berre éin gong frå 1935 til 1973) blei det eine laget utvida til Storbritannia og Irland i 1973, og til heile Europa i 1979. Dette gjorde turneringa mykje meir konkurranseprega. Turneringa blir i dag administrert av PGA of America og PGA European Tour. Ho er eit av få idrettsarrangement der det berre blir spelt om prestisje. Sjølv om det har vore diskutert fleire gonger, blir det framleis ikkje delt ut pengepremiar til deltakarane.

Resultat[endre | endre wikiteksten]

År Bane Stad Vinnar Tapar
2012 Medinah Country Club Illinois Europa 14½ USA 13½
2010 Celtic Manor Resort Wales Europa 14½ USA 13½
2008 Valhalla Golf Club Kentucky USA 16½ Europa 11½
2006 The K Club Irland Europa 18½ USA
2004 Oakland Hills Michigan Europa 18½ USA
2002 The Belfry England Europa 15½ USA 12½
1999 The Country Club Massachusetts USA 14½ Europa 13½
1997 Valderrama Spania Europa 14½ USA 13½
1995 Oak Hill New York Europa 14½ USA 13½
1993 The Belfry England USA 15 Europa 13
1991 Kiawah Island South Carolina USA 14½ Europa 13½
1989 The Belfry England (Uavgjort) 14
1987 Muirfield Village Ohio Europa 15 USA 13
1985 The Belfry England Europa 16½ USA 11½
1983 PGA National Florida USA 14½ Europa 13½
1981 Walton Health England USA 18½ Europa
1979 The Greenbrier West Virginia USA 17 Europa 11
1977 Royal Lytham & St. Annes England USA 12½ Storbritannia & Irland
1975 Laurel Valley Pennsylvania USA 21 Storbritannia & Irland 11
1973 Muirfield Skottland USA 19 Storbritannia & Irland 13
1971 Old Warson Missouri USA 18½ Storbritannia 13½
1969 Royal Birkdale England (Uavgjort) 16
1967 Champions Texas USA 23½ Storbritannia
1965 Royal Birkdale England USA 19½ Storbritannia 12½
1963 East Lake Georgia USA 23 Storbritannia 9
1961 Royal Lytham & St. Annes England USA 14½ Storbritannia
1959 Eldorado California USA Storbritannia
1957 Lindrick England Storbritannia USA
1955 Thunderbird California USA 8 Storbritannia 4
1953 Wentworth England USA Storbritannia
1951 Pinehurst North Carolina USA Storbritannia
1949 Ganton England USA 7 Storbritannia 5
1947 Portland Oregon USA 11 Storbritannia 1
1937 Southport & Ainsdale England USA 8 Storbritannia 4
1935 Ridgewood New Jersey USA 9 Storbritannia 3
1933 Southport & Ainsdale England Storbritannia USA
1931 Scioto Ohio USA 9 Storbritannia 3
1929 Moortown England Storbritannia 7 USA 5
1927 Worcester Massachusetts USA Storbritannia

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]