Ryfylke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ryfylkeutsyn over Lysefjorden frå Preikestolen.
Sjå òg avisa Ryfylke.

Ryfylke er eit distrikt i nordaust-Rogaland, nordaust for Stavanger og søraust for Haugesund. Kva for kommunar som inngår, varierer noko etter kva for definisjon ein nyttar, men kommunane Sauda, Suldal, Finnøy, Hjelmeland, Forsand, Strand, Rennesøy og Kvitsøy er ofte inkludert. Sauda og Jørpeland (i Strand) er dei to byane i regionen.

Landskapet er svært variert, frå øyar og kystlandskap lengst ute i vest, med fjordar innover i landet, til vidder og høge fjell i aust. Ryfylkeheiane grensar til Setesdalsheiene, og har Vassdalseggi på 1658 moh. som høgste topp. Her finst òg Breifonn (1616 moh.), den sørlegaste breen i Noreg. Dei høgtliggande viddene og dei bratte fjellsidene ned mot fjordane, gjer at området eigner seg svært godt til vasskraftproduksjon. I nord finn me Saudavassdraget (som gav grunnlag for tungindustrien i Sauda), i nordaust Røldal-Suldal (utbygd av Norsk Hydro til metallverket på Karmøy), i aust Ulla-Førre (Noregs største kraftanlegg), og i søraust utbyggingane kring Lysefjorden med Lysebotn kraftverk.

Ryfylke har turistattraksjonar som Preikestolen og Kjerag i Forsand kommune. Strekninga frå Oanes til Håra ved Røldalsvatnet (Ryfylkevegen), på riksveg 13/fylkesveg 46/fylkesveg 520 er kommande nasjonal turistveg. RyfylkemuseetSand i Suldal er regionmuseum for distriktet.

Kjelder [endre]

Bakgrunnsstoff [endre]