Ryggsymjar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ryggsymjar
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Seksfotingar Hexapoda
Klasse: Insekt Insecta
Orden: Nebbmunnar Hemiptera
Underorden: Teger Heteroptera
Infraorden: Nepomorpha
Familie: Ryggsymjar Notonectidae
Latreille, 1802
Ryggsymjaren Notonecta glauca er relativt vanleg i Sør-Noreg nord til Nordmøre.

Ryggsymjarar er ei gruppe insekt som høyrer til tegene. Dei er rovinsekt som lever i ferskvatn, som regel i små fiskelause tjern men òg unnataksvis i større sjøar der det òg finst fisk. Som namnet tilseier sym dei på ryggen og lever av småinsekt som landar i overflatehinna.

På verdsbasis er det kjend om lag 350 artar fordelt på 11 slekter.[1] I Noreg er det kjend tre artar i slekta Notonecta.[2]

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Ryggsymjarar er middelsstore insekt (opp til 15 mm[3] )som har mykje til felles med buksymjarane. Dei er derimot større, og lette å kjenne att på at dei (oftast) sym med buken opp. I tillegg har dei normale tåledd med klør på framføtene der buksymjarar har knivforma «åreblad». Ryggsymjarane sym hovudsakleg med bakbeina, som er lange, kraftige og hårete. Fram- og mellombeina vert nytta til å halda byttet fast med. På ryggen har dei ein karakteristisk kjøl.

Som andre insekt pustar ryggsymjaren oksygen i gassform. Sidan han lever i vatn har han difor fleire tilpassingar for å ta med seg luft når han dykkar. Særleg vert det lagra mykje i bukområdet, noko som hjelper dyret med å halda buken opp. Han lagrar òg luft i hårfrynsene langs kantane av kjølen og under vengjene.

Det er vist at ryggsymjarane orienterar seg i vatnet etter lys heller enn tyngdekraft; om ein har dei i akvarium som er opplyst nedanifrå sym dei med buken ned![4]

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Jakt og føde[endre | endre wikiteksten]

Typisk for ryggsymjarane er at dei heng i overflatehinna i ferskvatn med ryggen ned og ventar på at eit potensielt bytte skal landa i vatnet. Dei er særs kjenslevare overfor vibrasjonar i vassflata, og er raske til å spora opp fluger, mygg og andre dyr som landar i vatnet. Så snart byttet er nært nok, fyk dyret til med kraftige symjetak. Den ledda sugesnabelen som er typisk for nebbmunnane vert så nytta til å bedøva byttet. Dei kan bita kraftig frå seg; somme hevdar tilmed det er verre enn kvefsestikk.

Det hender òg at ryggsymjarane fangar bytte nede i vatnet. Det har blitt observert at dei kan ta så store dyr som rumpetroll og fiskeyngel.

Livssyklus[endre | endre wikiteksten]

Ryggsymjarane har ufullstendig forvandling som andre nebbmunnar, og har såleis ikkje noko puppestadium. Egga er avlange og kvite og vert festa til plantestenglar under vatn.[5] Det tek få veker før dei klekker. Generasjonstida er kort, og det vaksne stadiet er ofte dominerande. Dei norske artane lever ganske kort som egg og nymfer, men kan leva relativt lenge som vaksne. I Noreg kan Notonecta glauca leva i fleire år, medan N. lutea døyr om hausten. Dette speglast i måten dyra overvintrar på; N. glauca overvintrar som vaksen medan N. lutea overvintrar som egg.

Dei flyg godt, og det er særleg om hausten dei tek til vengjene.[6] Dette er med på å gjera artane i gruppa raske til å kolonisera nye habitat.

Systematikk[endre | endre wikiteksten]

Ryggsymjarane vert delt inn i to underfamiliar, Anisopinae og Notonectinae. Den sistnemnde vert vidare tradisjonelt delt inn i tre stammar: Aphelonectini, Notonectini og Nychiini; der Aphelonectini og Notonectini i dag vert sett på som synonym. Alle dei norske artane er relativt nært i slekt, då dei alle høyrer til slekta Notonecta.

  • Familie Notonectidae (Ryggsymjarar)
    • Underfamilie Anisopinae
      • Slekt Anisops
      • Slekt Paranisops
      • Slekt Walambianisops
      • Slekt Buenoa
Notonecta glauca i overflata, med spegelbilete.
    • Underfamilie Notonectinae
      • Stamme Notonectini
        • Slekt Aphelonecta
        • Slekt Enithares
        • Slekt Enitharoides
        • Slekt Notonecta
      • Stamme Nychiini
        • Slekt Martarega
        • Slekt Neonychia
        • Slekt Nychia

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Ryggsymjar