Ryom-Verzeichnis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ryom-Verzeichnis eller Répertoire des oeuvres d'Antonio Vivaldi (begge ofte forkorta RV) er i dag standardkatalogiseringa av musikken til Antonio Vivaldi skapt av Peter Ryom. Katalogen vert ofte nytta til å identifisere verka til Vivaldi med eit enkelt nummer, til dømes vert konserten La Pastorella kalla RV 95.

Tidlegare katalogar over verka til Vivaldi finst òg. Av desse finn ein Rinaldi (publisert i Roma, 1944) og Pincherle (Paris, 1948). Då ein komplett katalog vart gjort ferdig av Antonio Fanna (Milano, 1968), hadde Ryom alt starta på arbeidet med katalogen sin.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]