Rypebær

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rypebær


Alpine bearberry in Varrio Nature Reserve, Finland.jpg

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Plantae
Klasse: Eudicotyledonae
Orden: Ericales
Familie: Ericaceae
Slekt: Arctostaphylos
Art: A. alpinus
Vitskapleg namn
Arctostaphylos alpinus

Rypebær er ein plante i lyngfamilien. Arten har ei sirkumpolar utbreiing. Planta vert kring 5 cm høg, og har tynne sagtagga blad med tydelege nervar. Blada blir sterkt raude om hausten og sit lenge på etter dei er visne. Kvit krone og saftige frukter, først grøne, så raude og til slutt glinsande svarte. Blomstar kring mai månad på rabbar og turr hei, mest til fjells, men og i låglandet. Veks i alle fjelltrakter i Noreg. Funnen opp til 1625 m i Jotunheimen.


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Svensk wikipedia.
  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.