Rytmegitar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Rytmegitar er å nytte ein gitar som rytmisk akkordakkompagnement for ein songar eller andre instrument i ei musikkgruppe. I eit band som spelar akustiske, country-, blues-, rock- eller metalsjangrar (mellom andre), støttar ein gitarist som spelar rytmedelen melodilinja og soloane spelt av soloinstrumentet eller andre instrument.

I mange kommersielle sjangrar dominerer elektrisk gitarar som rytmegitar, men akustisk gitar er eit populært val i country og folkemusikk.

Rolle[endre | endre wikiteksten]

I popmusikk nyttar ein som regel rytmegitaren til å berre spele akkordsekvensar eller «progresjonar», og gjev ofte rytmen eller takten i tillegg, vanlegvis som ein del av ein rytmeseksjon. I rock og mange av undersjangrane består ein rytmeseksjon som regel av minst rytme- og bassgitarar, trommer og ofte eit klaverinstrument, men kan innehalde mange andre instrument, som perkusjon, MIDI-instrument, trommemaskinar, turntable og utstyr for avspeling av førehandsinnspelte rytmeakkompagnement.

Ein gitarist spelar akkordar ved å klimpre på strengane eller plukke arpeggioar, som gjev akkordprogresjon eller «endringane» som støtter melodilinja framført av andre instrument eller vokalen. I motsetnad er rolla til sologitaristen å gje melodi, motmelodi og soloar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]