Ryvarden fyrstasjon

Koordinatar: 59°31.6166′N 5°13.5101′E / 59.5269433°N 5.2251683°E / 59.5269433; 5.2251683
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Ryvarden fyr)
Ryvarden fyrstasjon

FylkeVestland
KommuneSveio
FunksjonLeifyr
Oppretta1849
Koordinatar59°31.6166′N 5°13.5101′E / 59.5269433°N 5.2251683°E / 59.5269433; 5.2251683
Fyrtårn
Høgd10,0 m
FormLyktehus
Fyrlys
LyskarakterGruppe hurtigblink
Lyshøgd22,3 moh.
Lysvidde12,7 nm
Status
EigarSveio kommune
Automatisert1984
Avfolka1984
Kart
Ryvarden fyrstasjon
59°31′37″N 5°13′31″E / 59.52693°N 5.22516°E / 59.52693; 5.22516

Ryvarden fyrstasjon er eit leifyr ved Mølstrevåg i Sveio, 12 kilometer nordom Haugesund. Fyret ligg på Ryvardneset, med det vêrharde havstykket Sletta mot sør og Bømlafjorden mot nord.

Ryvarden fyrstasjon is located in Hordaland
Plasseringa til Ryvarden fyrstasjon
Ryvarden (neset i midten) sett frå lufta.

Ryvarden har vore eit seglingsmerke i over tusen år, heilt sidan Floke Vilgerdsson (seinare kalla Ramna-Floke) bygde ein varde på neset i 869, Floke-varden. Neset med varden ligg like nord for grensa mellom Rogaland og Hordaland, og fekk etter kvart namnet Ryvarden (varden mellom ryger og hordar). Det første fyret på Ryvarden kom i 1849, og det vart bygd nytt eller utvida ei rekkje gonger fram til siste fyrmeisterbustaden som er frå 1958. Under ei av utbyggingane vart det teke stein frå Floke-varden til ein grunnmur. I 1994 vart det reist ein ny varde til minne om den gamle.

Fyret vart automatisert og fråflytta i 1984. Frå 1992 har Ryvarden vorte brukt til kulturelle aktivitetar, og fyret vert no også kalla Ryvarden kulturfyr. På staden er det i dag eit galleri, Galleri Ryvarden, i fyrmeisterbustaden frå 1958. Det er også kafedrift, eit kunstatelie, Flókemuseet og ein representasjonsbustad. Bygningane på Ryvarden vert også nytta til annan kulturell aktivitet, mellom anna har gruppa Vamp spelt inn fleire av platene sine der. Sveio kommune kjøpte i april 2005 bygningane ved Ryvarden fyr av Kystverket for 750 000 kroner.

Ved Ryvarden fyr er det også eit minnesmerke over Sleipner-forliset, som skjedde like ved. Snøggbåten M/S «Sleipner» gjekk på grunn på skjeret Store Bloksen og sokk den 26. november 1999. 16 personar omkom i forliset.

Det går ein 2,5 km lang grusveg ut til fyret og det er ikkje tillate å køyre på vegen utan løyve. Vegen er open året rundt og ein kan både gå og sykle til fyret.

Den fyrste fyrvaktaren var Jon Simonsen Mølstre, også kalla Jo Berget i daglegtale. Han var kjøpmann i Mølstevåg på midten av 1800-talet.

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]