Rzeszów
| Rzeszów | |||||
|---|---|---|---|---|---|
|
|||||
| Plassering | |||||
|
|
|||||
| Styresmakter | |||||
| Land Voivodskap |
Subkarpatiske voivodskap |
||||
| Byrettar | 1354 | ||||
| Borgarmeister | Tadeusz Ferenc | ||||
| Geografi | |||||
| Flatevidd - By |
91,54 km² |
||||
| Innbyggjarar - Totalt (2008) - folketettleik - Storbyområde |
170 722 1865/km² 740 000 |
||||
| Koordinatar | Koordinatar: | ||||
| Diverse annan informasjon | |||||
| Postnummer | 35-000 til 35-900 | ||||
| Telefon-retningsnummer | +48 17 | ||||
| Bilnummer | RZ | ||||
| Nettstad: www.erzeszow.pl | |||||
Rzeszów (ukrainsk Ряшiв - Rjashiv, tysk Reichshof, latinsk Resovia, jiddisk ריישע-Reisha) er ein by søraust i Polen med om lag 170 000 innbyggjarar. Han fekk byrettar i 1354 og er i dag hovudstad og største by i Subkarpatiske voivodskap (sidan 1999), tidlegare Rzeszów voivodskap (1945-1998).
[endre] Historie
Rzeszów vart grunnlagd i 1354 av kong Kasimir III av Polen. I ei lang stund var han eigedomen til familien Lubomirski, ein av dei viktigaste i Polen. I tillegg til å ha ein kjend årleg marknad var Rzeszów berre enno ein by langs handelsvegen til Ungarn. I 1658 oppretta Jerzy Sebastian Lubomirski ein piaristskule, den andre vidaregåande skulen i Polen.
Utviklinga av Rzeszów statar i 1937 då det vart lagt militærindustri til byen. Państwowe Zakłady Lotnicze produserte fly, og det var òg ein kanonfabrikk under Hipolit Cegielski.
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Rzeszów» frå Wikipedia på engelsk, den 15. juni 2008.