Sámiid ædnan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Sámiid Ædnan)
Gå til: navigering, søk
«Sámiid ædnan»
Singel av Sverre Kjelsberg og Mattis Hætta
Land Noreg
Språk Norsk og nordsamisk
Utgjeve 1980
Låtskrivar(ar) Ragnar Olsen
«Sámiid ædnan»
Eurovision Song Contest 1980
Land Noreg
Artist(ar) Sverre Kjelsberg og Mattis Hætta
Språk Norsk og nordsamisk
Komponist(ar) Sverre Kjelsberg
Låtskrivar(ar) Ragnar Olsen
Resultat
Finalepoeng 15
Finaleplass 16
Noreg i Eurovision Song Contest
«Oliver»
(1979)
«Sámiid ædnan» «Aldri i livet»
(1981)

«Sámiid ædnan» (nordsamisk for Samisk jord) var det norske bidraget i Eurovision Song Contest 1980, framførd av Sverre Kjelsberg og Mattis Hætta. Teksten er skriven på norsk, medan tittelen og teksten i songen som er lik tittelen er på nordsamisk. I tillegg inneheld songen ein joik, ein samisk form for song utan ord.

Songen er inspirert av den samiske sjølvstyrerørsla i Nord-Noreg, og duoen song om krava til sjølvstyre. Songteksta nemner òg den tradisjonelle joiken, skildra som «sterkare enn krutt». Tekststykket «framførr tinget der dem satt, hørtes joiken dag og natt» refererer til ein sveltestreik som skjedde framfor Stortinget i samband med Altasaka.

Melodi Grand Prix 1980[endre | endre wikiteksten]

Songen vann Melodi Grand Prix 1980 med 61 poeng og fekk representere Noreg i Eurovision Song Contest 1980.

Eurovision Song Contest 1980[endre | endre wikiteksten]

Songen starta som nummer 11 i finalen, etter Finland med «Huilumies» av Vesa-Matti Loiri og før Vest-Tyskland med «Theater» av Katja Ebstein. Bidraget fekk seks poeng frå Vest-Tyskland, fire poeng frå Marokko, tre poeng frå Frankrike og to poeng frå Nederland. Noreg fekk tilsaman 15 poeng og enda på 16. plass av totalt 19 bidrag. Det er det fyrste bidraget i Eurovision Song Contest med tekst på nordsamisk.

Anna[endre | endre wikiteksten]

I 2011 vart eit utdrag frå songen sunge av karakterane i traileren for filmen The Thing.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]