Sándor Rozsnyói

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sándor Rozsnyói
Statsborgarskap Ungarn
Fødd 24. november 1930
Zalaegerszeg
Død

2. september 2014 (83 år)
Sydney

Yrke friidrettsutøvar, lærar
Språk ungarsk, engelsk
Høgd 185 centimeter

Sándor Rozsnyói (24. november 19302. september 2014) var ein ungarsk friidrettsutøvar frå Zalaegerszeg som vann EM-gull på 3000 meter hinderløp i 1954 og OL-sølv i same øvinga i 1956.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Rozsnyói vart den 28. august 1954 europameister under EM i friidrett 1954 i Bern. I hinderløpet spurta han frå alle konkurrentane på sisterunda og vann på tida 8.49,6, med Olavi Rinteenpää frå Finland og norske Ernst Larsen på dei andre medaljeplassane. Vinnartida vart godkjend som den fyrste offisielle verdsrekorden på distansen. I åra før 1954 hadde det ikkje eksistert ein felles standard for hindertevlingane. Rinteenpää hadde elles allereie i 1953 fått notert tida 8.44,4 i eit hinderløp.

Dei neste åra vart hinderrekorden forbetra fleire gongar. Den 16. september 1956 sprang Rozsnyói i mål på 8.35,6 under ein landskamp mellom Ungarn og Tsjekkoslovakia i Budapest, og tok tilbake verdsrekorden som han hadde mista sommaren 1955.

Rozsnyói vart i OL-finalen 1956 i Melbourne klart slått i spurten av briten Chris Brasher. Brasher vart i fyrste omgang diskvalifisert og Rozsnyói utropt til vinnar av løpet, då Brasher skulle ha hindra Ernst Larsen og tyskaren Heinz Laufer. Etter juryen hadde spurd Larsen og Laufer om den aktuelle hendinga vart diskvalifikasjonen av Brasher oppheva, og Rozsnyói tildelt sølvmedaljen og Ernst Larsen bronsemedaljen.

Etter leikane i Melbourne reiste Rozsnyói ikkje tilbake til Ungarn, grunna oppstanden i heimlandet same hausten. I staden slo han seg ned i Austerrike, der han vart nasjonal meister på 5000 meter i 1958.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]