Sándor Torghelle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sándor Torghelle
Personleg informasjon
Namn Sándor Torghelle
Fødselsdato 5. mai 1982
Fødestad Budapest i Ungarn
Høgd 185 cm
Posisjon Spiss
Klubbinformasjon
Spelar for Fortuna Düsselforf
Draktnummer 14
Ungdomsklubb
-1999
1999-2002
Ungarn Marcali
Ungarn Budapest Honvéd
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
2000-01
2001-02
2002-03
2003-04
2004-05
2005-06
2006-07
2007-08
2008-10
2010-
Ungarn Budapest Honvéd
Ungarn Marcali
Ungarn Budapest Honvéd
Ungarn MTK Budapest
Flag of England.svg Crystal Palace
Hellas Panathinaikos
Hellas PAOK
Tyskland Carl Zeiss Jena
Tyskland Augsburg
Tyskland Fortuna Düsseldorf
18 (4)
22 (7)
27 (10)
22 (9)
12 (0)
11 (0)
24 (1)
27 (8)
48 (14)
0 (0)
Landslag**
2002-03
2004-
Ungarn Ungarn U21
Ungarn Ungarn
7 (2)
42 (11)

* Klubbkampar og mål i nasjonal liga  
er sist oppdatert 20. februar 2010.
** Landskampar og mål er
sist oppdatert 3. mars 2010.

Sándor Torghelle (fødd 5. mai 1982) er ein ungarsk fotballspelar, som i 2010/11-sesongen spelar for Fortuna Düsseldorf i tysk 2. Bundesliga. Han har spelt for klubbar i England, Hellas, og Tyskland.

Torghelle kom med på det ungarske A-landslaget medan han spelte for MTK Budapest og vekte merksemd då han skåra begge måla då Ungarn slo Tyskland 2-0 i ein vennskapskamp 6. juni 2004. I 2004 drog han frå Ungarn til Crystal Palace i engelsk Premier League for om lag 750 000 pund. Han hadde problem med å koma med i startoppstillinga til Palace og skåra ingen seriemål i sesongen sin der. Palace rykte ned på slutten av sesongen, og Torghelle vart lånt ut til Panathinaikos for 2005/06-sesongen. Der skåra han heller ingen seriemål, og etter éin sesong gjekk han til PAOK i Thessaloníki. Etter eitt seriemål på éin sesong i PAOK gjekk han til Carl Zeiss Jena i 2. Bundesliga i Tyskland. Der begynte han å skåra mål, men då Jena rykte ned etter 2007/08-sesongen gjekk Torghelle vidare til Augsburg, også i 2. Bundesliga, og i 2010 til Fortuna Düsseldorf i same divisjonen.

Torghelle spelar fast som spiss for Ungarn sitt landslag.

Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå engelsk wikipedia 3. mai 2010.