Delstaten São Paulo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå São Paulo (delstat))
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå São Paulo (fleirtyding).
São Paulo
delstat
Flagg
Symbol
Land  Brasil
Del av Sudeste
Hovudstad São Paulo
Areal 248 209,4 km²
Folketal 45 094 866 (2017)
Språk Portugisisk
Kart
Delstaten São Paulo
22°09′00″S 48°56′00″W / 22.15°S 48.933333333333°W / -22.15; -48.933333333333
Wikimedia Commons: São Paulo (state)

São Paulo er ein delstat i den søraustlege delen av Brasil og hadde i 2017 ei befolkning på om lag 45 millionar. Hovudstaden heiter òg São Paulo. Delstaten er eit økonomisk og industrielt kraftsenter i Brasil og i Sør-Amerika.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

São Paulo står for om lag ein tredjedel av Brasil sitt BNP og ein tredjedel av landet sitt energiforbruk. Delstaten har omfattande industri, dette innebér både stål-, mekanisk- og elektronikkindustri. Fleire bilkonsern har fabrikkar her og flyprodusenten Embraer har hovudkvarteret sitt i delstaten.

Innan landbruk er blant anna kaffi ein viktig inntektskjelde.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Politikken i São Paulo er kontrollert av Arbeiderpartiet (PT) og av Sosialdemokratane (PSDB). Begge desse partia har opphav i denne delstaten. Guvernøren, Rodrigo Garcia, kjem frå PSDB, tiltredde etter at João Doria trekte seg.

To av dei fem siste brasilianske presidentane, Fernando Henrique Cardoso (PSDB) og Luiz Inácio Lula da Silva (PT), bur i delstaten.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den første busetjinga i delstaten er registrert attende til 1532, med danninga av Vila da São Vicente. I 1554 vart det etablert ein jesuitt-misjon som skulle kristne tupi-indianarane i området. Denne misjonen vart seinare til det som i dag er São Paulo by.

Delstaten fekk sitt første økonomiske oppsving på 1900-talet med etableringa av fleire kaffiplantasjar i området. For å kunne eksportere kaffien gjennom hamnebyen Santos vart det i denne perioden bygd både vegar og jernbaner.

Veksten i kaffiplantasjane gjorde at eit stort tal innvandrarar kom til delstaten frå midten av 1900-talet og utover. Desse innvandrarane kom frå land som Tyskland, Italia, Libanon og Japan. I tillegg til innvandrarar, har delstaten òg opplevd ei stor innflytting frå andre delar av Brasil, spesielt frå delstatane i nordaust.

Satellittbilde over storbyområdet São Paulo og omland.

Byar[endre | endre wikiteksten]

Viktige byar er São Paulo (hovudstad), Santos, Campinas, Osasco, São José dos Campos og Ribeirão Preto.

Andre byar er: Araraquara, Araçatuba, Barretos, Bauru, Franca, Jacareí, Jundiaí, Marília, Piracicaba, Presidente Prudente, São Carlos, São José do Rio Preto og Sorocaba.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Delstaten São Paulo