São Tomé og Príncipe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
[endre]
República Democrática de
São Tomé e Príncipe

(norsk: São Tomé og Príncipe, saotomesisk)

Det saotomesiske flagget Det saotomesiske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Independência total»
Motto Ingen
Geografisk plassering av São Tomé og Príncipe
Offisielle språk Portugisisk
Hovudstad São Tomé
Styresett
Republikk
Manuel Pinto da Costa
Gabriel Costa
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
964 km² (173.)
0 %
Folketal
 – Estimert (2012)
 – Tettleik
 
183 176 (179.)
190 /km² (42.)
Sjølvstende
frå Portugal
12. juli 1975
Nasjonaldag 12. juli
BNP
 – Totalt (2010)
 – Per innbyggjar
 
317 mill. USD (190.)
1 800 USD (162.)
Valuta Dobra
Tidssone UTC
Telefonkode +239
Toppnivådomene .st


São Tomé og Príncipe er ein øystat som ligg vest for det afrikanske fastlandet i Atlanterhavet. Landet er det minste i Afrika. Det inneheld to vulkanøyar som ligg utanfor Gabon, og var portugisisk koloni frå 1522 til 1975.

São Tomé, den største øya, ligg nesten rett på ekvator. Ho er kalla opp etter den heilage Thomas, fordi ho blei oppdaga på minnedagen hans.

Kart over São Tomé og Príncipe

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Dei to øyane ligg på ein fjellkjede av slokna vulkanar, og har mykje fjell. Høgaste punkt er Pico de Saõ Tomé på 2 024 meter.

Klima[endre | endre wikiteksten]

São Tomé og Príncipe har eit klima tropisk klima som er varmt og fuktig med få temperaturvariasjonar gjennom året. Temperaturen er høg med ein middeltemperaturen ved havnivået på omkring 26 °C. Årsnedbøren er omkring 1000 mm med mykje regn frå september til mai. Tida frå juni til september er mildare og har mindre regn.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Før øyane blei oppdaga av portugisiske sjøfolk ein gong mellom 1469 og 1472 var dei ikkje folkesette. Den første varige kolonien blei grunnlagd på São Tomé av Alvaro Caminha i 1493. Principe blei folkesett i 1500.

Det var få som hadde lyst til å flytta til øyane, og mange blei sendt dit gjennom tvang. Dette gjaldt særleg jødar som blei sende dit frå Portugal og slavar som blei henta frå det afrikanske fastlandet. Slavearbeid og den fruktbare vulkanjorda gjorde raskt øyane til den viktigaste afrikanske sukkereksportøren. Den portugisiske staten tok over styringa av São Tomé i 1522 og Príncipe i 1573.

På 1800-talet blei sukkerdyrkinga erstatta av kaffi- og kakao. Produksjonen fann stad på store plantasjar. Arbeidarane der hadde vanskelege kår, også etter at Portugal avskaffa slavehald i 1876. I 1953 braut det ut eit opprør som førte til Batepa-massakren, drap på mange protesterande arbeidarar.

I 1974 fann den såkalla Nellikrevolusjonen stad i Portugal. Etter at Estado Novo-styret fall byrja frigjeringa av dei portugisiske koloniane. Etter ein avtale mellom dei portugisiske styresmaktene og frigjeringsrørsla på São Tomé og Príncipe fekk landet sjølvstende den 12. juli 1975. Landet hadde sitt første fleirpartival i 1991.

Ungar frå São Tomé og Principe.

Innbyggjarar[endre | endre wikiteksten]

Størsteparten av innbyggjarane bur på São Tomé; rundt 137 500, mot 6 000 på Príncipe. Folka høyrer til hovudsakleg den katolske (70 %) eller protestantiske kyrkjer. Dei identifiserer seg meir eller mindre i seks grupper:

  • Mestiços, etterkomarar etter afrikanske slavar frå Benin, Gabon og Kongo, og europearar. Også kjend som filhos da terra, 'born av jorda'.
  • Angolares, som skal vera etterkomarar etter angolanske slavar som overlevde eit skipbrot i 1540 og no livnærer seg gjennom fiske.
  • Forros, etterkomarar etter frigjevne slavar.
  • Serviçais, kontraktarbeidarar frå Angola, Mosambik og Cape Verde som bur mellombels på øyane, living temporarily on the islands;
  • Tongas, born av serviçais som er fødde på øyane.
  • Europearar, hovudsakleg av portugisisk herkomst.

Medan portugisisk er det offisielle språket og blir tala av 95 %, er òg tre portugisisk-baserte kreolspråk utbreidde: forro (85 %), angolar (3 %) og principense (0,1 %).

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

São Tomé og Príncipe er eit fattig land med ei utanlandsgjeld på over 300 millionar amerikanske dollar. Landet er avhengig av å importera det meste av forbruksvarer, drivstoff og ein god del mat, medan det hovudsakleg eksporterer kakao, i tillegg til noko kaffi, kopra og palmeolje. Dei fleste arbeidsplassane finst i landbruket.

Landet har òg naturressursar som fisk og vasskraft, og er i ferd med å utforska petroleumsressursar i sine territorialfarvatn.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: São Tomé og Príncipe

Kjelder[endre | endre wikiteksten]