Säffle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 59°7′53.645″N 12°55′24.078″E

Säffles byvåpen
Villa ved strandpromenaden
Säffle
Kanalen i Säffle
Fyret på Duse

Säffle er ein by i Värmlands län i Sverige. Han er kommunesentrum i Säffle kommune og hadde 8 991 innbyggjarar den 31. desember 2010. Säffle fekk bystatus så seint som i 1951, og er med dette den yngste byen i Sverige.

Säffle ligg ved innsjøen Vänern, ved elva Byälven, om lag 50 km sørvest for Karlstad. E45 og jernbanen Noreg/Vänernbanan går gjennom byen.

Funn frå fortida syner at det har vore busetnader på denne staden sidan jernalderen. Säffle byrja å vokse då Säffle kanal blei opna i 1837. Jernbanen kom til denne tettstaden i 1879. I 1882 budde det om lag 700 der.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]