Säters kommun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Säters kommun
kommune
Kommunevåpen
Land  Sverige
Len Dalarnas län
Landskap Dalarna
Del av Dalarna, Q18290534, Q61606267
Centralort Säter
Areal 627,87 km²
 - land 573,91 km²
 - vatn 53,96 km²
Folketal 11 000
Folketettleik 19 / km²
Kart
Säters kommun
60°21′N 15°45′E / 60.35°N 15.75°E / 60.35; 15.75
Wikimedia Commons: Säter Municipality
Nettstad: www.sater.se

Säters kommun er ein kommune i Dalarnas län i Sverige. Kommunen grensar til Falu kommun i nord, Hedemora kommun i aust, Smedjebackens kommun i sør, Ludvika kommun i vest og Borlänge kommun i nordvest. I tillegg grensar han til Hofors kommun i Gävleborgs län nordaust. Administrasjonssenteret i kommunen er Säter.

Landskapet i kommunen er kupert og skogkledd med mange vatn. Dalälven renn gjennom kommunen og dannar fleire ravinar. Säters kommun har lange tradisjonar innanfor gruve- og industriverksemd, og framleis finst det nokre mellomstore produksjonsføretak, men den største arbeidsplassen i kommunen i dag er Säters sjukhus.

Administrativ historikk[endre | endre wikiteksten]

Kommunereforma i 1952 innebar at kommunane Silvberg og Gustafs vart slått saman til storkommunen Gustafs, samt at Säters landskommun vart innlemma i Säters stad. Det vart ikkje gjort forandringar i Stora Skedvi. Säters kommun vart oppretta i 1971 ved at Gustafs og Stora Skedvi slo seg saman med Säters stad.

Kommunevåpenet[endre | endre wikiteksten]

Blasonering: På sølvbakgrunn, ein smed som står på svart mark – kledd i raud hue, svarte bukser og sko, sokkar av gull og med ansikt og armar i gull – og heisar eit blått verktøy med svart skaft mot eit raudt smiemne som ligg på marka.[1]

Dette kompliserte våpenet, som vart teke i bruk allereie i 1642, vart fastsett av kongen på 1940-talet. Etter kommunesamanslåinga vart det diskutert endringar i det, men det vart berre gjort små forenklingar då våpenet vart registrert hjå Patent- och registreringsverket i 1987.

Tettstader[endre | endre wikiteksten]

Det er fire tettstader i Säters kommun.

Tettstadene i tabellen er ordna etter innbyggjartal per 31. desember 2005. Administrasjonssenteret er utheva.

Nr. Tettstad Folketal
1. Säter 4 438
2. Naglarby och Enbacka 1 005
3. Mora 797
4. Solvarbo 332

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnote[endre | endre wikiteksten]

  1. «I fält av silver en på svart mark stående smed – klädd i röd luva, svarta byxor och skor, strumpor av guld och med ansikte och armar i guld – höjande ett blått verktyg med svart skaft mot ett en upphöjning liggande rött smidesämne».