Sår hals

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Viral faryngitt er den vanlegaste årsaka til sår hals

Sår hals er smerte eller irritasjon i strupen.[1] Det er eit vanleg symptom som ofte skuldast akutt faryngitt (betennelse i halsen), men det kan òg oppstå som følgje av traume, difteri og andre tilstandar. Sår hals kan medføra mild, moderat eller ekstrem smerte.

Differensialdiagnose[endre | endre wikiteksten]

Sår hals skuldast vanlegvis irritasjon eller betennelse. Den vanlegaste årsaka (80 %) er akutt og viral faryngitt, som er ein virusinfeksjon i halsen.[1] Andre årsaker er streptokokkhalsinfeksjon, traume og svulstar.[1] Ved gastroøsofageal reflukssjukdom kan magesyre straume opp i halsen og føre til sårheit.[2] Streptokokkhalsinfeksjon er ansvarleg for 37% av tilfella av sår hals hjå barn;[3] 5—15% hjå vaksne.[4]

Behandling[endre | endre wikiteksten]

Analgetika som til dømes ikkje-steroide antiinflammatoriske middel og paracetamol kan bidra til behandlinga av smerte.[5][6] Mayo Clinic tilrår gurgling med varmt saltvatn og stemmekvile. Symptoma plar å stå ved lag i to til sju dagar ved fråvær av aktiv behandling.[7] Andre utbreidde lindringsmiddel er halspastillar, hostemedisin og kyllingsuppe, men desse har lite vitskapleg støtte.

Epidemiologi[endre | endre wikiteksten]

I USA er det om lag 2,4 millionar legebesøk årleg som følgje av halsrelatert uro.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Marx, John (2010). Rosen's emergency medicine: concepts and clinical practice 7th edition. Philadelphia, PA: Mosby/Elsevier. s. Chapter 30. ISBN 978-0-323-05472-0. 
  2. «Sore Throat and Other Throat Problems-Topic Overview». WebMD. 24. januar 2015. Henta 23. februar 2015. 
  3. Shaikh N, Leonard E, Martin JM (September 2010). «Prevalence of streptococcal pharyngitis and streptococcal carriage in children: a meta-analysis». Pediatrics 126 (3): e557–64. 
  4. Bisno AL, Gerber MA, Gwaltney JM, Kaplan EL, Schwartz RH (Juli 2002). «Practice guidelines for the diagnosis and management of group A streptococcal pharyngitis. Infectious Diseases Society of America». Clin. Infect. Dis. 35 (2): 113–25. 
  5. Thomas M; Del Mar C; Glasziou P (Oktober 2000). «How effective are treatments other than antibiotics for acute sore throat?». Br J Gen Pract 50 (459): 817–20. 
  6. Hayward, G; Thompson, MJ; Perera, R; Glasziou, PP; Del Mar, CB; Heneghan, CJ (17. oktober 2012). Thompson, Matthew J, red. «Corticosteroids as standalone or add-on treatment for sore throat». Cochrane Database of Systematic Reviews 10: CD008268. 
  7. Thompson, M; Vodicka, TA; Blair, PS; Buckley, DI; Heneghan, C; Hay, AD; TARGET Programme, Team (11. desember 2013). «Duration of symptoms of respiratory tract infections in children: systematic review.». BMJ (Clinical research ed.) 347: f7027.