Sæbø kyrkje
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Sæbø kyrkje | ||
|
Foto: B Ystebo |
||
| Generelt | ||
| Kyrkjesamfunn: | ||
| Bispedøme: | Bjørgvin | |
| Prosti: | Nordhordland | |
| Fellesråd: | Radøy | |
| Sokn: | Radøy | |
| Innvigd: | 20. mai 1884[1] | |
| Kyrkjegard: | Ved kyrkja | |
| Arkitektur | ||
| Type: | Langkyrkje | |
| Arkitekt: | Karl Askeland[1] | |
| Materiale: | Tre | |
| Kyrkjerommet | ||
| Plassar: | 400 [2] | |
Sæbø kyrkje står i grenda Sæbø i Radøy kommune i Hordaland fylke, og er ei langkyrkje bygd i tre i 1884. Ho er teikna av byggmeister Karl Askeland.
Den noverande kyrkja er den tredje ein kjenner til på Sæbø. Den fyrste er nemnd i kjeldene i 1329. Ein trur at dette var ei stavkyrkje. Mellomalderkyrkja vart avløyst av ei tømra kyrkje i 1634. Ho fekk stå til like før den noverande kyrkja vart innvigd i 1884.
Sæbø kyrkje høyrer til Radøy sokn i Nordhordland prosti.
Kjelder [endre]
- Norges Kirker: «Sæbø kirke» på nettstaden til Norsk institutt for kulturminneforsking
- Jubileumsskrift om Sæbø kyrkje på nettstaden til Radøy sokn
Fotnotar [endre]
- ↑ 1,0 1,1 Norges Kirker: «Sæbø kirke» på nettstaden til Norsk institutt for kulturminneforskning. Vitja 29. mars 2009
- ↑ Redaktør: Alf Henry Rasmussen – Våre kirker : norsk kirkeleksikon. Vanebo Forlag, Kirkenær 1993. ISBN 82-7527-022-7 - «Sæbø kyrkje», s. 370
Bakgrunnsstoff [endre]
- Om Radøy sokn på nettstaden til Den norske kyrkja
- Kart frå 1979 som viser soknegrenser og kyrkjestader, på nettstaden til Universitetet i Bergen
- «Kirkebøker, Hordaland» på nettstaden til Arkivverket
- Skanna kyrkjebøker frå Hordaland på nettstaden til Arkivverket
- Oversyn over gravminne i Radøy kommune på nettstaden disnorge.no
|
|
|
|---|---|
| Emigrantkyrkja · Hordabø kyrkje · Manger kyrkje · Sæbø kyrkje |
|
|
|
|---|---|
| Alversund · Askvik · Austrheim · Bruvik · Emigrantkyrkja · Fedje · Fjon · Frøyset · Gjerstad · Granneheimen · Hamre · Haus · Hjelmås · Hordabø · Hosanger · Hundvin · Lindås · Lygra · Manger · Meland · Mo · Myking · Ostereidet · Sandnes · Seim · Solheim · Sæbø · Vike |