Sæleprisingane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jesus under bergpreika, måleri av Carl Heinrich Bloch

Sæleprisingane er opninga av Bergpreika, gjengjeve i evangeliet etter Matteus, 5:3-12.[1] Delar av preika er òg å finna i evangeliet etter Lukas. Jesus skildrar i denne delen eigenskapar til ulike menneske, og koss dei skal bli lukkelege i himmelriket.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Teksten, slik han står i Matteusevangeliet:

Sæle dei som er fattige i si ånd, himmelriket er deira.
Sæle dei som sørgjer, dei skal bli trøysta.
Sæle dei audmjuke, dei skal arva jorda.
Sæle dei som hungrar og tørstar etter rettferda, dei skal bli metta.
Sæle dei miskunnsame, dei skal få miskunn.
Sæle dei reine i hjartet, dei skal sjå Gud.
Sæle dei som skaper fred, dei skal kallast Guds born.
Sæle dei som blir forfølgde for rettferd skuld, himmelriket er deira.
Ja, sæle er de når folk for mi skuld spottar og forfølgjer dykk, lyg og talar vondt om dykk på alle vis. Gled dykk og jubla, for stor er løna dykkar i himmelen! Slik forfølgde dei òg profetane før dykk.

Sæleprisingane er i Den norske kyrkja preiketekst på Helgemessesundag. Blant diktarar som har vorte inspirerte av teksten, er Petter Dass i si vise «Otte Lychsaligheder»[2]

Referansar[endre | endre wikiteksten]